Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Ytre Hennestøylen, Eid, 490 moh

Date:
30.08.2018

T-tur med Sunniva, midtveketur. Berre vi som møtte opp - men fin tur og flott utsikt :)

Map    

Eggenipa, Breim, 1338 moh

Date:
13.08.2018

Vi gjekk opp og ned på Egga denne gongen - lenge sidan sist eg og mamsa gjekk ned att denne vegen. Nydeleg ver.. Ein av siste dagane med fint ver på lenge... T-tur Gloppen komplett :)

Map    

Støyvastøylen, Breim, 840 moh

Date:
12.08.2018

Formiddagstur på Støyvastøylen med mamsa.

Map    

Nordre Brurskardsknappen, Valdresflye, 1464 moh

Date:
06.08.2018

Vi gjekk på merka sti opp langs Brurskarsbekken, nesten opp til Brurskarstjønna, før vi tok til høgre opp siste delen. Her møtte vi på reinsdyrsflokken, denne gongen simler med kalvar. Harepus såg vi og! Same veg opp og ned, med fin utsikt mot dei turane vi gjekk dagane før + Besseggen.

Map    

Knutshøe, Veldresflye, 1517 moh

Date:
05.08.2018

Vi parkerte ved Vargebakken og fylgde stien opp ryggen. Litt klyving i starten og rett før toppen. Det bles veldig, særleg frå toppen og nedover ryggen på andre sida! Heldigvis hadde vi fin sol, så det vart ikkje så kaldt. Tilbake gjekk vi Leirungdalen, med tydeleg sti og mjukt underlag. Denne dagen var vi på andre sida, i forhold til Besseggen. Utruleg fin farge på vatna.

Map    

Besshøe, Valdresflye, 2258 moh

Date:
04.08.2018

Herleg helg i Jotunheimen med Anne Tove. Utgangspunktet var Bessheim, der vi parkerte teltet. Vi gjekk opp stien langs Bessa, med fine, små fossestryk, vidare opp langs Bessvatnet. Opp ura var det tidvis sti, men med små vardar. Då vi var nesten oppe, kom det tåke, så vi tenkte at vi ikkje fekk sjå utsikta. Men etter matpausa letta det, heldigvis! Tusen meter rett ned i eit vatn og med mange andre 2000 metrar rundt omkring. Vi såg og tydeleg "karavanane" av folk på veg opp Besseggen... Retur same veg, der vi møtte på Rudolf og vennane...

Map    

Ryggjastøylen - Dalsbøen, Gloppen

Date:
02.08.2018

T-tur til Dalsbøen i Traudalen, med mamsa. Lett og fin veg/sti å gå på innover dalen. Berre Eggenipa att på Gloppelista no...

Hornelen, Bremanger, 860 moh

Date:
01.08.2018

På tur med Jannike, Kåre, dei 3 yngste + 4 frå Hjelle. Vi parkerte på Hunskår og gjekk opp og ned derifrå. Sidan sist gong eg var her, hadde sherpaer lagt trapper i dei våtaste partia nede, i tillegg til at det no var lettare å gå på det flate partiet (store steinar var flytta unna). Det bles kraftig på toppen, så der vart vi ikkje lenge... Mest imponerande var yngstemann, på berre 5 og eit halvt år! På tilbaketuren måtte eg oppom høgaste punktet på platået: Svartevassegga Øst.

Map