Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Skradinsky Buk - Krka fossefalla, Kroatia

Date:
30.06.2023

Utflukt til dei idylliske fossefalla i Krka Nasjonalpark. Der var laga til stiar/bruer, slik at ein kunne gå mellom. Vi hadde buss til Stradin, deretter båt til Stradindsky Buk.

Marjanski Telegrin, Split, Kroatia,178 moh

Date:
28.06.2023

Tur rundt i parken ovanfor Split sentrum (Marjanski). Vi gjekk over haugen (høgaste punktet: Telegrin) og på sti ned til andre sida. Varmt denne turen og...

Elaphite islands, Kroatia

Date:
25.06.2023

Vi hadde booka ein heil dag ut til nokre øyar (Elaphite Islands) med båt, kajakk og sykkel. Etter båtturen ut til øya Lopud, bytte vi til kajakkar, og padla ut til øya Sipan (ca. 4km). Så var det over til sykkel, der vi sykla til andre enden av øya (Sipanska Luka) og hadde lunsj og badepause, før vi sykla tilbake til Sudurad. På padleturen tilbake til Lopud vart det ein god del bølgjer... Min kajakk vart heile tida dradd mot høgre ("ut mot havet"..), så eg måtte bremse og justere retninga. Dette førte til at eg stadig sakka akterut, og måtte til slutt knyte eit tau mellom min og guiden sin kajakk. Då vart eg dradd inn att på rett kurs. Var ikkje heilt høg i hatten ei stund der, men med den hjelpa gjekk det bra :) Variert og spennande dag!

Mt Srd, Dubrovnik, Kroatia, 415 moh

Date:
24.06.2023

Nok ein varm tur, frå der vi budde (rett ovanfor muren i Dubrovnik), opp nokre trapper, kryssa vegen og fann stien, som gjekk i svingar oppover fjellsida til Mt Srd. Skikkeleg bra utsikt nedover til Dubrovnik og gamlebyen/muren :) Ned att følgde vi vegen eit stykke, til landsbyen Bosanka. Der gjekk det sti ned på skrå, ned att til Dubrovnik. (Dei fleste andre køyrde opp dit eller tok taubana..)

Fort Royal, Lokrum, Kroatia, 85 moh.

Date:
23.06.2023

Rundtur på øya Lokrum utanfor Dubrovnik. Vi var opp til høgaste punktet på øya: Fort Royal, som var eit gammalt fort.. Temmeleg varmt, men fin tur, med fleire innlagde badeøkter... Mange påfuglar rundt omkring. Vi var først innom eit museum, der eg måtte prøve The Iron Throne (GOT) :)

Map    

Hestefjellet - Blåfjellet, Stad,

Date:
20.06.2023

14 stk på tur med Stad gålag. Vi køyrde eit stykke opp skogsvegen, gjekk resten til enden av vegen. Der venta vi ei stund, sidan det var nokre som køyrde bilar opp til Heggjadalsvatnet. Dei køyrde litt lenger oppover, til der eg og Elin hadde parkert sist. Som venta, så var det enkelt å gå opp på Hestefjellet, og over toppane (Høgegga og Litlevassegga) og bort på toppen av Blåfjell. Vi gjekk ned att stien, og kom ned der der var varde, merka Blåfjell, og vidare ned (Lagmannen) til enden av Heggjadalsvatnet, der bilane venta. Fint ver på denn turen og!

Map    

Varaldsfoten, Stad, 397 moh

Date:
18.06.2023

Fin rundtur i ytre: Honningsvågen. Vi følgde sti opp framsida frå Honningsvågen og opp på Varaldsfoten, ned att forbi vatna (Storevatnet) og Storebruna, så ned att sti på framsida og tilbake til utgangspunktet. Vi skjønte ikkje heilt kor namnet Storebruna kjem frå, men... Flott utsikt over Honningvågen og Vestkantplatået. Vi avslutta med iskaldt bad i havet i , så middag på Vestkapp. Dette var eigentleg sett opp som mogleg overnatting i ytre (med Stad gålag), med tur både laurdag og søndag. Ingen meldt si interesse, så då reiste eg og Elin utover på søndagen. Der fekk vi med oss Synnøve på turen.

Map    

Ytre Fannstøylen-Svartevatnet-Myrane-Eikås, Stad, ca. 700moh

Date:
14.06.2023

Stad gålag hadde tur frå Stårheim til Kjølsdalen. 20 stk gjekk til Ytre Fannstøylen, opp stien over skaret mellom Lisjeblåfjellet og Høgegga, ned til Svartevatnet og vidare ned til Myrane og ned til Eikås. 3 stk bada i Svartevatnet. Vi hadde ein bil på enden av vegen (Eikås), som tok sjåførane tilbake til start... Myrane og Svartevatnet er T-turar i år. Endå ein tur med fint ver og god stemning!

Map    

Heggjadalen, Stad

Date:
12.06.2023

Alsakersætra, Stad, 420 moh

Date:
09.06.2023

Ny tur med elevar, denne gongen med 2.halva av 9.trinnet... Varmt og fint, så fleire nytta høvet til å bade i elva. Nokre av oss gjekk ned stien, i skogen, til Gildra naturmøteplass, medan andre blei att på sætra. Same rute opp/ned att. Møtte på hoggorm på skogsvegen tilbake..