Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Skjolden, Selje, 545 moh

Date:
26.05.2022

Stad gålag på dagstur til Barmenøya. 20 stk på tur i dag. Svært vekslande ver, med vind, regn, litt hagl, opplett og sol... Vi hadde med to kjentfolk som guide: Svein Barmen og Hanne Marie Utvær. Først køyrde vi bilane ned til Fjellet, der vi skulle kome ned. Vi gjekk frå parkeringa ved Skjolden og rett opp bakkane. Frå toppen gjekk vi via Røysethornet og Branden, ned til Fjellet. Eg hadde ankelstøtte og stavar, som gjekk stort sett bra, men det var utfordrande opp nokre litt lange klyv og ned tuete bakkar... Fleire var einige om at vi må attende hit ein dag med meir sol, så vi får sett meir av utsikta!

Map    

Lundavarden, Eid, 736 moh

Date:
18.05.2022

Ny onsdagstur med Stad Gålag, denne gongen med sol :) 23 stk vart med. Vi gjekk først opp til Orheimsbotnen og stien opp der, gjennom Heidagarden. Det bles litt ved varden, så vi gjekk litt ned i lia før kaffipausen. Vidare gjekk vi ned til Legene og vidare til Rødsætra og Røssdemninga. Skikkeleg idyll ved vatnet/demninga!. Turen vart noko verre for meg på veg ned til Legene, då eg trakka over. Der var ei elv rett ved, så den stod eg i nokre minutt, før eg fann ein kjepp som støtte... Nede ved Legene fekk eg låne eit par stavar, som hjelpte med ein del. Første gong på mine 50 år at eg har tråkka over, ikkje brote bein, heller, heldigvis...

Map    

Vindfyllekollen, Eid, 710 moh

Date:
11.05.2022

Stad Gålag på onsdagstur i vekslande ver.. Ganske så vått, men ingen sure miner! Gjekk frå Ramnefjell, opp til Vassdalen og utover. Fann stien opp, i tåka.. Synd turfølget ikkje fekk sett utsikta frå toppen.

Map    

Trivselsskogen - Nova, Gloppen, ca. 390 moh

Date:
08.05.2022

Eg og mamsa ville ha med oss ein T-tur, der det var bert... Vi gjekk opp trappene til Holvikefossen, litt ned att og opp ein sti, som førte nesten ut til Utsikten. Så kryssa vi vegen og opp og utover sti til Nova. Kjempeutsikt! Sti nokre meter ned til Utsikten, og vidare ned forbi Draumekvila, Kjærleiksstien og det nylaga Tufte..

Map    

Vassdalen, Eid, 520 moh

Date:
05.05.2022

Eg og Elin var på rekogniseringsrunde, for å sjå kor mykje snø der låg til neste onsdagstur. Vi gjekk opp og ned frå Ramnefjell. Var nesten opp på Steinamannen og nedover att. Det var ein del snø her og der, men såg greit ut.

1000-trinnstrappa - Gorgehornet, Selje, 517 moh

Date:
04.05.2022

Stad Gålag på tur: 14 stk. Vart fint ver, men det bles ein del på toppen.. Vi gjekk opp trappetrinna og vidare opp på Gorgehornet. Vi sette oss litt nede i lia, for å ha ly for vinden. Ned att via Skorgedalen. Fin tur :)

Map