Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Felden, Volda, 1272 moh

Date:
27.06.2021

Fellestur med MNT til Felden. Vi gjekk frå Laurdalen (opp frå Bjørkedalen). Sti i starten, pluss opp ura mot toppen. 14 stk i turfølgjet, + ein som møtte oss på vegen (frå Kjenndalen). Fin temperatur og flott utsikt :) Ein flott tur! På toppen sikta vi litt med sikteskiva.

Map    

Kvanndalsvarden - Eggene, Gloppen, 974 moh

Date:
25.06.2021

T-tur med mamsa, i tåkeheimen. Skulle eigentleg til Hyen, men tok heller ein kjend tur pga tåka... Vi gjekk frå Austrheimstøylen og opp Kvanndalen. Det var merka sti heile vegen, men av og til måtte vi "leite" for å sjå merka... Difor gjekk vi heller ikkje lenger - hadde tenkt oss på Svarthammaren.

Map    

Keipen, Volda 943 moh

Date:
22.06.2021

Endå ein strålande dag i fjellet. Denne gongen over fylkesgrensa, til Keipen, med Mariann. Tydeleg sti frå Heida og heilt opp, sjølv om det berre er halve vegen opp som står på kartet...

Map    

Ossætra, Eid, 422 moh

Date:
09.06.2021

Tok meg ein tur opp på Ossætra, etter å ha vore halv dag med 10.klasse i Osvika.

Map    

St. Synnevahornet, Vågsøy 689moh

Date:
06.06.2021

Eg var guide på Synnevahornet med 6 stk. Dette var ein av dei få dagane med tåke, så utsikta var svært dårleg... Kjedeleg for 5 av dei andre, som ikkje hadde vore der før. Men fin tur, likevel. Det var kjekt med dei store vardane, siste delen opp. På veg ned att letta det såpass at vi såg vatna..

Map    

Råd - Råda-/Seimsstøylen - Seime, Gloppen 770moh

Date:
04.06.2021

Eg og mamsa gjekk frå Råd og opp stien til Råda-/Seimsstøylen. På veg ned att gjekk vi forbi eit stikryss utan å oppdage det.. Då vi oppdaga det, var vi på deg ned til Seime. Der var det tydeleg merka, så vi gjekk likegodt ned dit, og det lille vegstykket opp att til Råd.

Map    

Lindvikdalen - Kråkhornet, Eid 861moh

Date:
03.06.2021

Utedag med 10.klasse. Ettersom eg hadde litt merkingsarbeid att, fekk eg med med 9 elevar og -Reidun til å lage småvardar opp til Kråkhornet. Dei var svært positive, og løfta/bar steinar og styrte på i varmen :)

Map    

Tippaskaret - Blåsvednyken - Fossane, Eid 909moh

Date:
02.06.2021

T-tur, merking, over Tippaskaret. Vi parkerte på Harpen og gjekk skiløypa/skogsvegen til sætra, der skilt Tippaskaret står. Det var merka oppover, men ikkje nok, så her måtte vi fram med målinga.. Frå Tippaskaret gjekk vi stien opp langs ryggen til Blåsvednyken. Vanlegvis ville vi då gått vidare til Torten, men måtte sjekke merkinga frå Tippaskaret til Fossane og... Vi gjekk vegen ned frå Fossane til Myklebuståsen, og hadde der bil, så vi kom oss ut att i Hjelmelandsdalen. Framleis varmt, med fin sol :)

Map