Archivo - fecha
Archivo - actividad
-
Excurción de esquí (261)
- Esquí de fondo (176)
- Esquí de montaña (76)
-
Excurción de otro tipo (2)
- Expedicion (2)
-
Senderismo (491)
- Caminata (1)
- Running (4)
- Senderismo (252)
- Senderismo de montaña (218)
- Viaje por carretera (1)
Tur i Skreifjella
- Fecha:
- 07.10.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 7.2km
Min første tur i Skreifjella var ein positiv opplevelse, med god utsikt frå Nyhusknappen og Hvervenberget. Sjølv om det ikkje er merka sti på kartet opp mot desse to toppane, var det likevel god sti til begge toppane.
Tur på god sti til Nyhusknappen først, der spesielt utsikta mot Stange og Hamar var god.
Gjekk så ned igjen og turen gjekk vidare på sti langs vatnet Herva, og så vidare på sti opp mot Hvervenberget. Utsikta her var vel så god, her fekk ein også med utsikt over Helgøya.
Vidare mot Fugletjernshøgda gjekk turen på sti langs sørsida av Herva. Etterkvart gjekk eg opp mot Fugletjernshøgda, der det ikkje var sti. Det var dagens PF100-topp som klart hadde minst utsikt. På veg nedover såg det ut som forsøk på å merke av ein sti, men enten er det lenge sidan nokon har >>>
Kvemsåsen
- Fecha:
- 07.10.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo
- Distancia:
- 2.0km
Turen til og frå Kvemsåsen er ein fin og kort tur som går på gode stiar. Eit informasjonsskilt på toppen skryt av utsikt i alle retningar, men dette skiltet må vere fleire år gammalt sidan det no veks høgreist skog i alle retningar, og dermed ikkje utsikt.
Hovdeberget og Hesjahøgde
- Fecha:
- 06.09.2026
- Tipo de excursión:
- Senderismo de montaña
- Distancia:
- 9.3km
Ny dag for toppsamling i Etnedal.
Gjekk først til Hovdeberget. Var ingen sti av betydning her, kun ein traktoveg som gjekk gradvis over i gjengrodde spor, og vidare mot toppen ingen sti. Var noko utsikt mot toppen.
Snudde så og gjekk tilbake same veg og kryssa fv. 33. Her gjekk det veg som gjekk over i dårleg traktorveg oppover. Tok av i bratt terreng utan sti.
Kom så til toppen av Hesjahøgde. Her var det bra utsikt, det er iallfall ikkje utsikta som gjer at det tydelegvis går få folk på toppen her.
Gjekk ein annan veg nedover, for å gå til eit kulturminne (truleg restar etter Trondsætri) eg kunne registrere i appen Turfangst. Her var det tydelege spor etter større køyretøy, så det var enklare å gå ned her. Frå Trondsætri gjekk eg nordover att på skogsveg og kom etterkvart inn >>>
Muen
- Fecha:
- 23.07.2026
- Distancia:
- 4.7km
Tur med familien på veg til Muen. Med Muen som ei naturleg avslutning vart då PF50- og PF100-listene for Ringebu fullført.
Neslenibba
- Fecha:
- 14.07.2026
- Distancia:
- 11.9km
Tur til Neslenibba, som gjekk langs god sti opp til kryss til Sundsfjellet/Kjenuken. Deretter dårlegare sti, som ikkje alltid var like enkel å finne att. Det var veldig varmt denne dagen, siste halvdel var til dels ganske tung, med mykje stopp. Eg kom meg opp til slutt, og vart belønna med god utsikt, og nok ein strynetopp i samlinga.
