Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Snuen
- Dato:
- 03.03.2017
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 15,7km
Årets første skikkelege topptur gjekk i litt for fint og tjukt pudder, men eg vart redda av eit scooterspor og at snøforholda vart enklare å ha med å gjere over skoggrensa.
Generelt vart det ein bra tur. Eg gjekk riktig nok glipp av herrestafetten i ski-VM. Men pytt pytt, slik er det når ein har mange goder å velje mellom :)
Turen gjekk i oppkøyrde spor opp til Oppsjøhytta, etterpå var det berre til å knalle eigne spor (dvs. litt scooterspor vart det opp til ca. 980 m.o.h.)
I følgje boka på toppen er eg årets første på Snuen :)
For dei som vil gå denne turen om vinteren, er det viktig å vere klar over at fv. 204 er vinterstengt, og at næraste startpunkt blir Spåtind vinterparkering.