Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Hovdeberget og Hesjahøgde

Dato:
06.09.2026
Turtype:
Fjelltur
Distanse:
9,3km

Ny dag for toppsamling i Etnedal. Gjekk først til Hovdeberget. Var ingen sti av betydning her, kun ein traktoveg som gjekk gradvis over i gjengrodde spor, og vidare mot toppen ingen sti. Var noko utsikt mot toppen. Snudde så og gjekk tilbake same veg og kryssa fv. 33. Her gjekk det veg som gjekk over i dårleg traktorveg oppover. Tok av i bratt terreng utan sti. Kom så til toppen av Hesjahøgde. Her var det bra utsikt, det er iallfall ikkje utsikta som gjer at det tydelegvis går få folk på toppen her. Gjekk ein annan veg nedover, for å gå til eit kulturminne (truleg restar etter Trondsætri) eg kunne registrere i appen Turfangst. Her var det tydelege spor etter større køyretøy, så det var enklare å gå ned her. Frå Trondsætri gjekk eg nordover att på skogsveg og kom etterkvart inn >>>

Kart    

Storstein

Dato:
16.08.2026
Distanse:
2,0km

Kart    

Tintoen

Dato:
16.08.2026
Distanse:
7,9km

Kart    

Sollihøgda

Dato:
07.08.2026
Turtype:
Fottur
Distanse:
4,9km
Kart    

Muen

Dato:
23.07.2026
Distanse:
4,7km

Tur med familien på veg til Muen. Med Muen som ei naturleg avslutning vart då PF50- og PF100-listene for Ringebu fullført.

Kart    

Neslenibba

Dato:
14.07.2026
Distanse:
11,9km

Tur til Neslenibba, som gjekk langs god sti opp til kryss til Sundsfjellet/Kjenuken. Deretter dårlegare sti, som ikkje alltid var like enkel å finne att. Det var veldig varmt denne dagen, siste halvdel var til dels ganske tung, med mykje stopp. Eg kom meg opp til slutt, og vart belønna med god utsikt, og nok ein strynetopp i samlinga.

Kart    

Goaren

Dato:
10.07.2026
Distanse:
4,2km

Kart    

Skardshøgde nord

Dato:
10.07.2026
Distanse:
1,9km

Kart    

Nystølen

Dato:
10.07.2026
Distanse:
1,9km

Kart    

Gravåsen

Dato:
05.07.2026
Distanse:
2,9km

Dagens siste topp var heller ikkje godt besøkt, ingen tydeleg sti. Det vart stadvis litt baksing gjennom kratt, myr og lauvskog. Turen fram var vekslande myr og lauvskog. Eg prøvde ein annan veg tilbake, då eg trudde denne kunne vere bedre. Det var feil. Det vart nesten bruk for machete stadvis.

Kart