Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Nårkampen

Dato:
24.02.2026
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
5,1km

Etter ein litt kjedeleg tur på Gausdalsberget, vart det ein stor opptur å gå til Nårkampen. Turen begynte i skog og pudderføre, men det gjekk fint å følge andre sine spor. Over skoggrensa gjekk eg utanfor spor, det gjekk fint etter kvart som snøen vart fastare/vindpåverka. Mot toppen vart det lite snø, der grastustar stakk opp. Vinden har vel tatt med seg ein del av snøen her. Flott utsikt frå toppen, og i grunn ein fin skitopp for oss som likar litt stigning og nedoverbakkar, men ikkje at det er superbratt ned igjen :)

Kart    

Digeråsen og Gausdalsberget

Dato:
24.02.2026
Turtype:
Fjellskitur
Distanse:
8,5km

Tenkte no å begynne meir systematisk på Sør-Fron > 50 m pf-lista. Første topp i dag var Digeråsen. Ein forholdsvis lett tilgjengeleg topp der delar kunne gåast i skisporet. Det var endå meir pudder enn eg trudde. Fint å renne i, men krevde ein del helling berre for å få litt fart. Fin utsikt frå toppen. Neste topp var Gausdalsberget. Her var snøen endå mjukare, men delar av turen gjekk opp i skuterspor. Siste stigninga mot toppen var ein jungeltur i tett buskas og djup snø. Toppen er nok ikkje best eigna til vinterbruk, og den er vel kanskje mest for spesielt interesserte :)

Kart    

Snørvillen

Dato:
25.01.2026
Distanse:
12,5km
Kart    

Pinnikhaugen

Dato:
02.01.2026
Distanse:
1,8km
Kart