Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Breitjønnshøgder og Nordre Gråhøgda
- Dato:
- 06.07.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 14,6km
Nye toppar i Ringebu. Turen gjekk i stor grad på god sti. Opp mot Nordre Gråhøgda var det svake T-ar, noko som tyder på at dette er nedlagt DNT-sti? Til dei to andre toppane var det ikkje stiar, men generelt lettgått terreng, med enkelte våte parti.
Brennfjellet og Reinfjellet
- Dato:
- 27.06.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 11,0km
Tur til Brennfjellet og Reinfjellet i varmt og godt sommarvêr, skal ha vore 19 grader på toppane. Det var heilt greit at det blåste ein del.
God sti i nedre del. Mot toppane var det ikkje sti, men det var tørt og lettgått terreng. Dei våtaste partia var der det var sti.
Søre Bølhøgda
- Dato:
- 21.04.2024
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 13,5km
Ein fin dag i Venabygdsfjellet. Skiføret var ei blanding av nysnø, vindblåst snø og skare. Generelt greit føre. Lite folk i fjellet her, noko som delvis kan skuldast stoppforbud langs vegen. Men då er vi ikkje altfor mange som forstyrrer villreinen heller.
Svartfjellet
- Dato:
- 01.04.2024
- Turtype:
- Langrennstur
- Distanse:
- 17,2km
Langrennstur i fint og hardt/vått føre. Utanfor løypene var det skare med tynt snølag på toppen, noko som gjorde det fint å renne ned frå Svartfjellet sjølv med langrennski.
Distansen er justert noko, då butikkhandel ved parkeringsplassen vart med på sporinga ved ein feil :)