Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (473)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Barnas 5 på topp i Folldal - tur til Hoggstabben
- Dato:
- 29.07.2016
Ikkje før hadde det vore tur dagen før i området, så vart det tur med heile familien til Hoggstabben, ein av barnas 5 på topp i Folldal. Start og slutt ved Baklisætran p-plass.
Toppar mellom Kakelldalen og Einunndalen
- Dato:
- 28.07.2016
Flott fottur, start og slutt ved Baklisætran parkeringsplass.
Først gjekk turen til Fatfjell, ein fin og spesiell topp med eit stort og flatt topplatå:
Deretter gjekk turen mot Skardhøa:
På veg mot siste toppen Bjørnskardkampen møtte eg på to store kvartsblokker, her er den eine:
Utsikten er fin frå Bjørnskardkampen:
Tennafjellet
- Dato:
- 22.07.2016
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 3:30t
- Distanse:
- 8,0km
Fin tur frå Utigardsetra til Tennafjellet. Turen gjekk på brukbar sti fram til litt over 600 m.o.h., etter det var det å bruke fantasien. Relativt lettgått "sauefjell".
Batteriet tok slutt etter 8,0 km, men eg har antatt at "opp og ned er like langt".
Her er litt foto:
Fin tur på toppar nordaust og nordvest for Dokka
- Dato:
- 06.07.2016
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:39t
- Distanse:
- 12,0km
Ein fin tur, som merka seg ut ved at det var gode stiar og lett å finne fram til samtlege toppunkt. Gjevlehaugen: Start ved Snauhaug skistadion. Fin og god sti gjennom skog til toppen av Gjevlehaugen. Generelt god utsikt frå toppen. Også ein geocache her! GPS-spor berre lagt inn for denne toppen, turen vart på 6,0 km tur-retur og 242 høgdemeter tur-retur. Vardhaugen: Start ved Leikarvoll stadion. Enkelt å finne vegen til toppen, men stien/vegen var litt kjedeleg, pga skogsdrift i området. Men utsikten frå toppen var fin, med utsikt mot Dokka og Randsfjorden. Vangsjøknatten: Fin sti gjennom skogen. Bratt opp siste delen. Flott utsikt frå Vangsjøknatten, med utsikt over Vangsjøen, Dokka, Randsfjorden og område mot Begnadalen i retning Hønefoss. Sjå opp for stup rett ved toppen! Ned att >>>