Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (484)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Søre Bølhøgda
- Dato:
- 21.04.2024
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 13,5km
Ein fin dag i Venabygdsfjellet. Skiføret var ei blanding av nysnø, vindblåst snø og skare. Generelt greit føre. Lite folk i fjellet her, noko som delvis kan skuldast stoppforbud langs vegen. Men då er vi ikkje altfor mange som forstyrrer villreinen heller.
Svartfjellet
- Dato:
- 01.04.2024
- Turtype:
- Langrennstur
- Distanse:
- 17,2km
Langrennstur i fint og hardt/vått føre. Utanfor løypene var det skare med tynt snølag på toppen, noko som gjorde det fint å renne ned frå Svartfjellet sjølv med langrennski.
Distansen er justert noko, då butikkhandel ved parkeringsplassen vart med på sporinga ved ein feil :)
Høgefjellet og Tverrfjellet
- Dato:
- 29.03.2024
- Turtype:
- Fjellskitur
- Distanse:
- 18,2km
Ulene
- Dato:
- 17.02.2024
- Distanse:
- 18,7km
Rundtur i til dels nedføyka skiløyper, med avstikkar til Slagsfjellet/Ulene. Dette er ein topp som eg "oppdaga" etter at andre hadde lagt den inn, derfor måtte eg ein tur hit og ;)
Det var kraftig vind, og sjølv om det var oppkøyrt dagen før, var delar av løypa meir eller mindre vekke. Det var då godt å møte på løypemaskina rett før Skardbua :)
Fint fjellterreng, bilda talar for seg sjølv :)
