Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Lunkefjell

Date:
09.11.2025
Distance:
5.3km
Map    

Helvetesberget

Date:
02.11.2025
Distance:
2.4km

Dagens siste topp var Helvetesberget. Toppen var ikkje så ille som den kunne høyrest ut til. Turen gjekk langs sti med delvis skilting og merking. Det var blanding av "vanlig" skog, hogstfelt og plantasjeprega granskog på toppen. Det gjekk ein avstikkar (delvis sti) opp gjennom skogen.

Map    

Skriverhaugen

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
4.4km

Dagens tredje topp kunne by på fin natur opp, merka sti heile vegen, og forholdsvis god utsikt frå toppen. Turen og toppen var høgdepunktet blant dei fire toppane eg gjekk på i dag.Det var varierande myrterreng og skog, og ekstra blautt i terrenget var det nok på grunn av kraftig regnvêr dagen før og helga før.

Map    

Sollihøgda - utsiktstopp med lite besøk

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
0.9km

Dagens andre topp var ein liten avstikkar frå hyttefelt i Jenssvea. Det gjekk ein delvis tydeleg sti oppover, med ein liten avstikkar mot toppen. Toppen har bra utsikt, men verkar ikkje til å ha mykje besøk.

Map    

Sæterhaugen

Date:
02.11.2025
Characteristic:
Hike
Distance:
1.3km

Dagens første topp var Sæterhaugen. Kort veg frå snuplassen nord for toppen. Fin sti gjennom skogen. Vått i terrenget etter gårsdagens regnvêr. Ut frå toppbeskrivelse m.m. kunne det sjå ut til at det gjekk greitt å køyre til snuplassen så lenge bommen var open. Det var ein liten øvelse. Standarden begynte sånn toleleg bra, så eg køyrde på med optimisme, men vegen vart gradvis dårlegare oppover med djupe hjulspor og greiner som stakk ut i vegen. Anbefalar altså ikkje bil opp, så sant den ikkje er høg i underkant.

Map    

Hafjell

Date:
28.09.2025
Distance:
5.8km
Map    

Haustsæterfjellet m.m.

Date:
27.09.2025
Distance:
7.4km

Rundtur i området. Første topp var Haustsæterfjellet. Turen gjekk først langs ikkje-køyrbar veg til Haustsætri. Her tok eg av opp gjennom lia. Ingen sti her. Mykje skog, men på toppen vart utsikta fin :) Ber ikkje preg av mykje besøk. Så gjekk turen ned att til Haustsætri for å gå på Selbrennhøgde. Turen gjekk så litt langs veg, før eg knalla opp gjennom lia, i eit terreng med spreidd furuskog, mykje ur og mykje berg. Ingen sti her heller. Toppen ber ikkje preg av mykje besøk. Så gjekk turen ned att mot nord for å gå på Kroktjernfjellet. Her var det heller ikkje sti, bortsett frå eit par hundre meter med traktorveg/skogsveg før det gjekk bratt opp til Kroktjernfjellet. På Kroktjernfjellet var det god utsikt. Flatehogst er ikkje det finaste som finst, men utsikta blir i >>>

Map    

Balbergkampen

Date:
22.09.2025
Distance:
3.4km
Map    

Liaberget

Date:
07.09.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
2.2km

Dagens fjerde og siste topp var også den hardaste. I lengd og høgdemeter burde den vere enkel, men den var forholdsvis krevjande. Det var mykje buskas og slikt, særleg i den nedste bratte delen. Eg hadde desssverre gløymd machete. Det var enkelte stiar som kunne sjå ut til ikkje å berre vere sauesti, men dei forsvann like fort som dei dukka opp. Sannsynlegvis ikkje ein veldig godt besøkt topp, mulig toppsamlarar på Peakbook utgjer fleirtalet. På kartet står det forresten at toppen heiter Kløvberget.

Map    

Hovdahøgdi

Date:
07.09.2025
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
0.9km

Hovdahøgdi er ingen spektakulær topp. Ingen veldig spennande tur heller, turen gjekk gjennom hogstfelt, som no har begynt å gro igjen med gras og busker. Det gjekk sti mot toppen, men ikkje heilt samanhengande, Ein fordel med hogstfelt er at det blir god utsikt, og utsikten herifrå var akseptabel. På kartet står det elles Hovdahaugen.

Map