Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Utsikte

Datum:
24.05.2026
Entfernung:
2,2km

Dagens siste topp var Utsikte. Eg prøvde å følge ein sti på kartet, men denne var falsk alarm. Eg fann då berre ein tur vidare opp gjennom bratt skogsterreng, før eg kom på ei større flate med skog og myr, før toppen. Toppen har nok fått namnet på grunn av utsikta, då det var brukbar utsikt her. Trur likevel kanskje skogen har vakse litt opp sidan toppen fekk namnet sitt. På veg ned dreia eg litt meir mot høgre for å gå ned ein veg. På kartet ser det ut som eg gjekk over mykje myr. Det er for så vidt riktig, men myrene var generelt ikkje spesielt våte.

Karte    

Gammalstøltoppen

Datum:
24.05.2026
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
1,1km

Dagens andre topp begynte utanfor eit svært høgt gjerde og ei svært høg grind. Gjekk langs jordet for å hindre ferdsel over dyrka mark. Kom så opp i skogen og etterkvart på toppen. Noko utsikt frå toppen.

Karte    

Gravatjernhaugen

Datum:
24.05.2026
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,4km

Dagens første topp var ein av tre der alle hadde felles at eg kom til å bli første peakbookar på toppen! Turen til Gravatjernhaugen gjekk først langs skogsveg med god standard, deretter meir traktorveg før eg knalla opp i terrenget mot toppen. Eg fann ein sti, men det viste seg nok at dette var eit av fleire elgtrakk. Var elles fint skogsterreng her. På veg ned trudde eg at eg gjekk rett veg/rett sti, men fann snart ut at eg gjekk for langt mot nord, så eg dreide litt for å kome tilbake på rett plass. Det var enkelte snøklattar igjen i terrenget her og der. På veg tilbake langs skogsvegen møtte eg to turgåarar som tydeleg var forbausa over at andre enn dei sjølve gjekk på tur i området her :)

Karte    

Tur-postar

Datum:
19.05.2026
Entfernung:
4,7km
Karte    

Røyslimoen

Datum:
13.05.2026
Entfernung:
4,8km
Karte    

Prestmarka

Datum:
01.05.2026
Entfernung:
8,1km

Karte    

Tjennsåsberget

Datum:
01.05.2026
Entfernung:
1,8km

Karte    

Nevelfjell

Datum:
26.04.2026
Entfernung:
9,9km
Karte    

Snørvillen

Datum:
11.04.2026
Entfernung:
11,9km
Karte    

Lunkefjell

Datum:
03.04.2026
Entfernung:
10,2km
Karte