Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Liaberget

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
2,2km

Dagens fjerde og siste topp var også den hardaste. I lengd og høgdemeter burde den vere enkel, men den var forholdsvis krevjande. Det var mykje buskas og slikt, særleg i den nedste bratte delen. Eg hadde desssverre gløymd machete. Det var enkelte stiar som kunne sjå ut til ikkje å berre vere sauesti, men dei forsvann like fort som dei dukka opp. Sannsynlegvis ikkje ein veldig godt besøkt topp, mulig toppsamlarar på Peakbook utgjer fleirtalet. På kartet står det forresten at toppen heiter Kløvberget.

Karte    

Hovdahøgdi

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
0,9km

Hovdahøgdi er ingen spektakulær topp. Ingen veldig spennande tur heller, turen gjekk gjennom hogstfelt, som no har begynt å gro igjen med gras og busker. Det gjekk sti mot toppen, men ikkje heilt samanhengande, Ein fordel med hogstfelt er at det blir god utsikt, og utsikten herifrå var akseptabel. På kartet står det elles Hovdahaugen.

Karte    

Kollhaugen

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
1,9km

Dagens første topp var Kollhaugen. Her gjekk det ein brukbar sti heile vegen. Det var veldig vått i terrenget, mest på grunn av store mengder dogg i terrenget. Turen gjekk i skogen, men på toppen reiste seg så vidt over skogen.

Karte    

Signalhøgde

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
0,3km
Karte