Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Alle tre Røssjøkollane

Datum:
23.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:48h
Entfernung:
11,8km

Fekk tatt ein rundtur her i dag. Gode stiar og lett å gå. Vart meir regn enn eg hadde berekna, så eg vart våt på turen ned. Fin utsikt i frå samtlege toppar, og fint terreng å gå i.

Karte    

2-topparstur i Langsua nasjonalpark

Datum:
09.08.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
4:37h
Entfernung:
12,0km

Dagens tur gjekk til desse to toppane. Flott vêr og akkurat passe temperatur. Turen gjekk i fin skog og fint fjellområde. På veg opp mot Grytlifjellet følgde eg sti eit stykke før eg fann ut eg ville knalle opp i terrenget. Utsikta frå Grytlifjellet var konge! Neste topp var Søre Revåkampen. Følgde sti nordover eit stykke før eg knalla ned gjennom skog og myr, og opp mot neste topp. Triveleg med nasjonalpark, skulle gjerne hatt fleire slike område rundt seg. Tett lågvokst skog på Søre Revåkampen. Gjekk ned i bjørkejungelen før ein fin utsikt mot Dokkvatnet og Dokkampen openberra seg. Deretter var det ned i skogen, og her traff eg faktisk på ein brukbar sti. Vidare ned gjennom skog og myr. Det var mykje myr, så husk gode sko!

Karte