Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Skitur til Skjenafjellet og Kidliknappen

Dato:
23.03.2015
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
3:43t
Distanse:
16,5km

Skitur til to staselege toppar ovanfor Gudbrandsdalens bakside. Fin sol, fin utsikt, i det heile teke flott stemning. Turen vart gått frå Musdalsetra og nordover mot Roåker i oppkøyrde spor. Trakka deretter mine eigne spor oppover bakkane, først sørover mot Skjenafjellet, deretter gjekk eg nordover mot Kidliknappen. Fint nedrenn mot Roåker, og deretter tilbake same vegen til Musdalsetra. Dette er ein tur som kan anbefalast. Vegen opp til Roåker er vinterstengt, så Musdalsetra verkar til å vere beste startstaden for skitur.

Kart    

Eidsfjellet

Dato:
21.03.2015
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:14t
Distanse:
17,4km

Staseleg langrennstur frå Hofferbua og opp til Eidsfjellet i flott ver og gode trikkeskinner. Flott utsikt mot Trysilfjellet, Toten, Odal m.m., og jammen trur eg at eg såg toppar i Jotunheimen også.

Kart    

Skeikampen og Avlundskampen

Dato:
06.03.2015
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
4:01t
Distanse:
27,1km

Flott skitur over Skeikampen og Avlundskampen. Første toppen var kanskje pinlig enkel, då eg sat på med stolheis til toppen. Deretter var det vidare mot Avlundskampen, der eg svingte av frå løypa for å nå toppen. Ganske fast snø utanfor løypene, gjekk bra å gå her sjølv med joggepinnar. Deretter vart turen ein rein langrennstur i oppkøyrde løyper. Det vil seie at store delar av nettet var ikkje nypreparert etter siste snøfall og vindaktvitet, men det gir jo berre litt ekstra utfordring, det må ikkje nødvendigvis alltid gå på skinner :). Strålande ver under toppturen. Det skya meir til etterkvart som eg kom ned mot lavlandet, men temperaturen var høg, plussgrader på 900 m.o.h. i starten av mars!

Kart    

Frå Mesnasaga mot skipost 2

Dato:
04.03.2015
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
0:43t
Distanse:
6,0km
Kart    

Nordseterløypa!

Dato:
01.03.2015
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
1:15t
Distanse:
14,8km
Kart