Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Etappe Rondanestien: Eldåbu - Bjørnhollia

Dato:
29.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:13t
Distanse:
16,9km
Kart    

Etappe Rondanestien: Spidsbergseter - Eldåbu

Dato:
28.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:14t
Distanse:
14,5km
Kart    

Kvitlenova

Dato:
23.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:50t
Distanse:
9,5km

Fin, varm og solrik tur til Kvitlenova. Krevjande terreng i starten langs stolheistraseen med svaberg og laus stein. Veldig blokkete og kronglete på ryggen langs toppen av breheisen. Vidare frå 1600 m.o.h. var det meir lettgått og steinete terreng opp mot toppen. Fin utsikt mot Tystigbreen og fleire dalar og toppar i området. Har ikkje vore oppe i området her sidan eg gjekk tur på langrennski i oppkøyrte løyper på Tystigbreen på 1990-talet.

Kart    

Skarven og Bjørnskarven

Dato:
18.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:57t
Distanse:
15,1km

Det vart desse to toppane i dag. God sti til Skarven og fin utsikt i fleire retningar. Ingen sti til Bjørnskarven frå denne sida, og det ser ut til å vere ein lite besøkt topp, men med god utsikt. Turen gjekk i stor grad gjennom naturreservat, og det er fint å sjå korleis naturen her utviklar seg utan påverknad frå oss menneske. Møtte også to elgar og ein rein, med delvis unntak av reinen rakk eg ikkje å fotografere før dei rømte, skulle tru dei hadde fanden i hælane :). For andre som vil ta tilsvarande tur, er det best å ta det vestlege sporet mot Bjørnskarven

Kart    

Gruvkletten og Triklokkhøa

Dato:
15.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:53t
Distanse:
8,5km

To nye toppar i Einunndalen i Folldal. Det er merka sti ("Byvegen") oppover mellom Triklokkhøa og Einunndalen. Denne er godt merka, men ikkje mange som har gått her så langt, då det nesten ikkje er trakka sti her. Mest sti var det på turen ned frå Triklokkhøa. Det vart ein fin og vellukka tur i godt vêr.

Kart    

Bølhøgda

Dato:
03.07.2021
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:44t
Distanse:
13,1km

Fin tur til ny topp i dag. Varmt og godt, både folk og sauer var ute og gjekk i fineveret. Mesteparten av turen gjekk på god sti / ATV-spor, medan siste oppstigning bar preg av at Bølhøgda ikkje har veldig mykje besøk, her var det litt diffust med sti / sauetrakk oppover.

Kart