Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Sjøsæterhøgda punkt 756

Dato:
26.12.2015
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:20t
Distanse:
4,1km
Kart    

Toppsanking på båe sider av Brumunddalen

Dato:
15.12.2015
Turtype:
Fottur
Turlengde:
3:24t
Distanse:
6,7km

Det skulle vere tilnærma snøfritt i området denne dagen, i følgje www.senorge.no. Dette galdt ikkje for Aursmoberget der 10-30 cm snø låg i området. I skogen gjekk det greitt å gå, litt verre i hogstfelt. Men her var det flott utsikt mot Ringsakerfjellet i nord. Også fin utsikt mot Lauvåsen i aust. Neste topp var Fuglehaugen. Her kunne ein i teorien ha køyrt nesten opp, men for at andre enn Berlingo skulle få trim, gjekk eg opp ein privat veg frå fylkesvegen. Litt utsikt frå toppen, og fin furuskog her oppe. Turen til Brattberget gjekk i skog, ope terreng med mykje snø. Fint på topplatået, noko utsikt. Turen kan gåast opp på god sti, men eg tok snarveg frå bilen der eg hadde parkert. Dei rette strekane i GPS-sporet markerer naturlegvis opphald i vandringa. Her er foto:

Kart