Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen tur (2)
- Ekspedisjon (2)
- Fottur (481)
-
Kjøretur (1)
- Biltur (1)
-
Skitur (258)
- Fjellskitur (73)
- Langrennstur (176)
Haustsæterfjellet m.m.
- Dato:
- 27.09.2025
- Distanse:
- 7,4km
Rundtur i området.
Første topp var Haustsæterfjellet. Turen gjekk først langs ikkje-køyrbar veg til Haustsætri. Her tok eg av opp gjennom lia. Ingen sti her. Mykje skog, men på toppen vart utsikta fin :) Ber ikkje preg av mykje besøk.
Så gjekk turen ned att til Haustsætri for å gå på Selbrennhøgde. Turen gjekk så litt langs veg, før eg knalla opp gjennom lia, i eit terreng med spreidd furuskog, mykje ur og mykje berg. Ingen sti her heller. Toppen ber ikkje preg av mykje besøk.
Så gjekk turen ned att mot nord for å gå på Kroktjernfjellet. Her var det heller ikkje sti, bortsett frå eit par hundre meter med traktorveg/skogsveg før det gjekk bratt opp til Kroktjernfjellet. På Kroktjernfjellet var det god utsikt. Flatehogst er ikkje det finaste som finst, men utsikta blir i >>>
Liaberget
- Dato:
- 07.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 2,2km
Dagens fjerde og siste topp var også den hardaste. I lengd og høgdemeter burde den vere enkel, men den var forholdsvis krevjande. Det var mykje buskas og slikt, særleg i den nedste bratte delen. Eg hadde desssverre gløymd machete. Det var enkelte stiar som kunne sjå ut til ikkje å berre vere sauesti, men dei forsvann like fort som dei dukka opp.
Sannsynlegvis ikkje ein veldig godt besøkt topp, mulig toppsamlarar på Peakbook utgjer fleirtalet.
På kartet står det forresten at toppen heiter Kløvberget.
Hovdahøgdi
- Dato:
- 07.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 0,9km
Hovdahøgdi er ingen spektakulær topp. Ingen veldig spennande tur heller, turen gjekk gjennom hogstfelt, som no har begynt å gro igjen med gras og busker. Det gjekk sti mot toppen, men ikkje heilt samanhengande,
Ein fordel med hogstfelt er at det blir god utsikt, og utsikten herifrå var akseptabel.
På kartet står det elles Hovdahaugen.
Kollhaugen
- Dato:
- 07.09.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 1,9km
Dagens første topp var Kollhaugen. Her gjekk det ein brukbar sti heile vegen. Det var veldig vått i terrenget, mest på grunn av store mengder dogg i terrenget. Turen gjekk i skogen, men på toppen reiste seg så vidt over skogen.
Storehøgahaugen
- Dato:
- 10.08.2025
- Turtype:
- Fjelltur
- Distanse:
- 2,8km
Dagens fjerde og siste topp var også den lengste turen, blant elles korte toppturar. Det var ingen sti her, men generelt forholdsvis lettgått terreng i open skog. Litt utsikt langs turen og frå toppen.