Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Nevelfjell

Date:
26.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
1:30h
Distance:
9.4km

Som seg hør og bør, vart det ein tur til Nevelfjell i dag også. Det var kome nysnø i terrenget og på vegen, godt eg ikkje hadde skifta til sommardekk. Nysnøen gjorde skituren oppover og nedover ganske behageleg. Stort sett sol, -2 grader på toppen.

Map    

Snørvillen

Date:
21.04.2015
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
9.5km

Det vart kveldstur til Snørvillen. Oppstart på Sjusjøen. Nylig oppkøyrde løyper, som likevel nok var prega av siste to dagars mildver. Lite snø på toppen, og trakka lett gjennom her. Men i spora elles og i snøen utanfor her verka det forholdsvis fast framleis. Fint ver :).

Map    

Tinderangling i Gjøvik

Date:
19.04.2015

Fin tur i Gjøvik i dag, Gjøvik 100 m PF fullført i dag :). Av 50 m PF-toppar manglar eg no 9. Dessverre var det dogg på linsa, noko eg ikkje oppdaga under fotografering pga sterkt sollys. Men eg fann ut at foto med dogg var betre enn ingen foto. Eg la også inn nokre av desse fotoa som bilde på toppsidene av kvar topp. Då det er dogg på desse, er det heilt greitt for meg om andre skulle ville legge inn andre foto av desse toppane.

Map    

Nevelfjell

Date:
18.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
9.4km
Map    

Veslkringla

Date:
12.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:17h
Distance:
6.6km

Skitur til Veslkringla. Starta turen i Blæsterdalen, og knalla oppover. Det var mykje roten snø omlag opp til tregrensa, etter det var det betre, med ein blanding av nysnø og vindblåst snø. Frå og med litt over 1000 m.o.h. var det mykje bart og vindblåst, så då sette eg av meg skia og beina opp til toppen. Fin utsikt mot Rondane i sør, og mot Atndalen, Folldal m.m. Strålande sol og frisk vind.

Map    

Pikhetta og Mehøi

Date:
03.04.2015
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
4:09h
Distance:
16.6km

Fin skitur frå Gravbekklii til toppane Pikhetta og Mehøi. Greie nok snøtilhøve, men som vanleg litt lite snø ein del plassar, særleg over flya før siste oppstigninga + dei øvste 20-40 høgdemeter før båe toppane. På sistnemnde måtte eg gå til fots. Eg starta med Mehøi før sjølve rosinen i pølsa, Pikhetta, vart bestige. Fin sol denne dagen, og frisk vind på toppane.

Map