Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Høglikollen

Date:
27.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:12h
Distance:
4.1km

Dagens første turmål var Høglikollen. Turen gjekk langs sti / skiløype, rett før eg svingte av mot toppen. GPS var viktig å bruke for å finne toppunktet, ikkje pga sikt, det var skoglaust på toppen, men fordi toppen var så flat! Men utsikta var bra. Det var eit sjakkbrett å gå her i dag med frost og tørre forhold, då det elles nok er nokså vått å gå her. Fin og til dels urørt natur av bjørk, gran, myr m.m. i Hynna naturreservat. Tørt snødryss i terrenget.

Map    

Hornsjøkampen

Date:
27.10.2018
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:02h
Distance:
6.0km

Etter å ha vore på Høglikollen, var Hornsjøkampen neste mål. Turen starta ved demningen i sørenden av Hornsjøen, og gjekk på brukbar sti langs vatnet og litt oppover. Her var det myrlendt, og sti var berre delvis tydeleg opp mot toppen, før den vart tydelegare mot toppen. Flott terreng, som er til dels urørt, med høge grantre, bjørker og mange myrer. Så lenge det er så kaldt og tørt som no, er det berre ein fornøyelse å gå over myrene. Brukbar utsikt frå toppen, iallfall mot aust. Supert å samle på slike toppar som dette, då det gir meg muligheten til å gå på fine plassar eg elles ikkje hadde tenkt å gå på.

Map    

Del av tur 2 frå turbok med 70 turar

Date:
24.10.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:08h
Distance:
4.8km
Map    

Tur 3 frå turbok Lillehammer m.m.: rundtur i Roterudbygda

Date:
21.10.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:44h
Distance:
6.5km

Då prøvde eg meg på ein rundtur i frå denne boka. Det vart ein naturleg avstikkar opp til Sollihøgda også. Rart at det ikkje går sti opp til toppen her, når stien passerer ca 100 m avstand frå toppunktet. Men utsikten er noko begrensa, slik at det er kanskje ikkje alle som tenkjer at dette er eit naturleg toppunkt. Med meir tilrettelegging og skånsom hogst/uttynning på toppen kan dette bli eit ålreit toppunkt. Elles var det ein fin tur på nokolunde gode stiar. Generelt ikkje mykje utsikt, men fin utsikt frå Skjellerudsvea og hogstfelt rett nord for ei hytte.

Map    

Einståkåhøi

Date:
06.10.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
4:39h
Distance:
14.0km

I dag vart det tur til Einståkåhøi. Turen starta frå Storvollen, og gjekk langs sti opp mot passet sør for Kolla, ein sti som vart gradvis dårlegare, men som meir eller mindre kan følgjast fram til myrer før oppstigning til Einståkåhøi. Vart litt kryssing av myrer før oppstigning. Over ca. 1300 m.o.h. låg nysnøen flott og vindblåst i terrenget. Ingen tydeleg sti opp, men så var det jo snødekt meir eller mindre oppover. Ned att vart det gått i dalføret nord for Kolla. Turen gjekk stort sett utan sti til eg kom ned til elva, der eg møtte på ein sti. Mange flotte terrengformer frå slutten av siste istid her, einaste ulempen (eller fordelen?) er at det vart litt mykje opp og ned her. Vinteren har begynt å melde sin ankomst i fjellheimen her no.

Map