Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Stolpejakt med Schoopy

Date:
29.07.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
7.0km
Map    

Gjøvik topprally

Date:
23.07.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
10.4km

Først tur til Turthaugen. Det var til dels sti og gjengrodd traktorveg oppover mot toppen. Ned att gjekk eg "snarveg" gjennom jungel. Ganske fin utsikt mot nord frå toppen. Gjekk vidare langs veg, før eg tok av gjennom skogen mot Sæterhaugen. Noko utsikt frå toppen. Gjekk ned att mot vest og følgde vegen. Tok av frå veg for å gå mot Krokgranhaugen. Noko sti oppover, men litt utydeleg, og mulig den like gjerne er eit sauetrakk. Mykje gammal granskog oppover her, og toppen ligg til namnet sitt. Gjekk ned att og tilbake til startpunktet. Køyrde så bil cirka 7 km bort til parkeringsplassen ved Bjønnhaugen. Her har eg trekt frå 7 km på sporet og 100 høgdemeter, då appen spora turen, sjølv om eg hadde sett sporinga på pause. Samanhengande spor mellom startpunkt og parkeringsplass >>>

Map    

Storsvulten og Rondvasshøgde

Date:
19.07.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
19.3km

Første 2,8 km på sti. Deretter 2,4 km på grusveg (stengt for bil). Totalt 10,4 km opp til Rondvasshøgde Ø2 inkludert turen over Veslsvulten. Nokså steinete og krevjande terreng stadvis, særleg opp mot Rondvasshøgde Ø2. Flott ver, varmt og fine utsikter. Turen kan trygt anbefalast, men ein bør ikkje vere for avhengig av stiar.

Map    

Stolpejakt ved Nygruva

Date:
18.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.8km
Map    

Sveen stolpejakt

Date:
17.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.2km
Map    

Bødalsbreen

Date:
15.07.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
4.5km

Map    

Staurinibba og Sundshyrna

Date:
14.07.2017
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.5km

Fin tur med Henning frå toppstasjonen av ny gondol i Loen. God sti opp til Staurinibba. Mange folk her, truleg har toppen fått ein kraftig auke i popularitet som følgje av gondolen. Så gjekk turen vidare til Sundshyrna. Her er det ikkje sti. Det var mykje snø, og litt tungt å gå oppover. Såg austover mot Storskredfjellet, her er det gode muligheter for å fortsetje tinderangling med fleire toppar mot Storskredfjellet. Fint på toppen av Sundshyrna, før turen gjekk vidare nedover mot Strynedalen. I overkant av Lundesetra, kring 800 m.o.h., kom vi inn på stien Stauri - Staurinibba. Turen enda på Gjørva i Strynedalen, underteiknas heimstad frå barndommen og ungdommen.

Map    

Flofjellet

Date:
13.07.2017
Distance:
7.2km
Map    

Ljøsbakken

Date:
10.07.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
5.9km

Tur til Ljøsbakken + ein ekstra "topp" eg ikkje fekk registrert pga tett nærleik til Ljøsbakken. Trass i at desse toppunkta truleg neppe er veldig populære å besøke, var det ein ganske god sti heilt opp til cirka 600 m.o.h. Denne er merka som Tur 19, og ser ut til å fortsetje vidare sørover forbi Ljøsbakken. For andre interesserte vil eg derfor anbefale denne løypa eg gjekk.

Map    

Oppsetåsen

Date:
08.07.2017
Characteristic:
Hike
Distance:
7.1km

Tur til Oppsetåsen langs gode stiar.

Map