Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Langhøa og Langhøa søraust for

Date:
26.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.9km

Då vart det topptur på Langhøa-massivet. Litt krattete terreng til å starte med, men vart betre lenger oppe i høgda, då det gjekk over til å bli veldig lettgått, sjølv utan sti. På veg oppover var det lite sti, men kva gjer no det når ein kan følgje eit tørt bekkeleie for store delar av oppoverturen :) (sjå foto). På toppen av Langhøa møtte eg to andre turgåarar. Flott utsikt. Deretter gjekk eg mot neste topp, veldig lettgått og fint terreng, sjå foto. Etter siste toppen var det ned att til bilen på Storvollen.

Map    

Steinhøi

Date:
24.07.2018
Distance:
7.5km

Fin tur til Steinhøi. Blanding av sol og skyer, kraftig vind, elles heitt. Sporet på oppoverturen er å foretrekke, også nedover. Fint grasterreng stadvis som gjorde terrenget lettgått utan sti.

Map    

Råtåsjøhøi

Date:
24.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
6.7km

Fin tur til Råtåsjøhøi etter å ha vore på Steinhøi tidlegare. Spora oppover og nedover gav ein ganske grei topptur ihht. min smak. Ingen markerte stiar her, med unntak av sauetrakk som delvis vart følgd.

Map    

Rondslottet

Date:
23.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
28.0km
Map    

Oppljosegga

Date:
19.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.4km

Dagens tur gjekk til Oppljosegga. Fin tur som gjekk delvis på sti opp mot Oppljosvatnet, og ikkje sti ovanfor Oppljosvatnet. Fint turterreng og ein topp som hadde fortent meir oppmerksomhet enn den tydelegvis får. For andre interesserte er det nedoversporet som er best å gå mellom start og Oppljosvatnet. Mellom Oppljosvatnet og Oppljosegga er nok oppoversporet å foretrekke.

Map    

Staurimarka

Date:
17.07.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:13h
Distance:
5.1km
Map    

Berfjordfjellet

Date:
13.07.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
2:53h
Distance:
7.3km
Map    

UTM-rutetur med Søtefjellet som bonustopp

Date:
11.07.2018
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.0km

På denne turen til Søtefjellet i Os vart det samla inn 5 nye UTM-ruter (som var hovudføremålet med turen). No manglar det berre cirka 10 av totalt cirka 450 ruter i Bergen før dette prosjektet er komplett. Det var godt og varmt, og slitsomt oppover når temperaturen ligg på kring 25 pluss. 1,5 liter vatn var for lite, men det gjekk greitt å fylle på ein plass, i eit elles tørt elveleie. Klokka slutte å logge på tur ned, då logga eg resten av turen med Peakbook-appen, slik at det totalt blir 10,9 km.

Map     10 comments

Eggene - nok ein gong 100 % pott i Bergen

Date:
11.07.2018
Characteristic:
Hike
Duration:
1:10h
Distance:
2.8km

Nok ein gong har eg fått full toppott i Bergen, etter at lista stadig er utvida etter at eg flytta der frå i 2009. Skal tru om topplista etterkvart kjem opp i 90 stk. :). Eg var tydelegvis ikkje nøye nok då eg oppretta lista i mi tid. Tur i fin skog, særleg mot toppen, men terrenget bar preg av at det ikkje var flittig i bruk av turgåarar, og toppen er nok mest av interesse for oss med samlemani!

Map    

Tur-O Røyslimoen

Date:
07.07.2018
Characteristic:
Hike
Distance:
5.7km
Map