Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Facebook

Tur i Skreifjella

Datum:
07.10.2026
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
7,2km

Min første tur i Skreifjella var ein positiv opplevelse, med god utsikt frå Nyhusknappen og Hvervenberget. Sjølv om det ikkje er merka sti på kartet opp mot desse to toppane, var det likevel god sti til begge toppane. Tur på god sti til Nyhusknappen først, der spesielt utsikta mot Stange og Hamar var god. Gjekk så ned igjen og turen gjekk vidare på sti langs vatnet Herva, og så vidare på sti opp mot Hvervenberget. Utsikta her var vel så god, her fekk ein også med utsikt over Helgøya. Vidare mot Fugletjernshøgda gjekk turen på sti langs sørsida av Herva. Etterkvart gjekk eg opp mot Fugletjernshøgda, der det ikkje var sti. Det var dagens PF100-topp som klart hadde minst utsikt. På veg nedover såg det ut som forsøk på å merke av ein sti, men enten er det lenge sidan nokon har >>>

Karte    

Hovdeberget og Hesjahøgde

Datum:
06.09.2026
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,3km

Ny dag for toppsamling i Etnedal. Gjekk først til Hovdeberget. Var ingen sti av betydning her, kun ein traktoveg som gjekk gradvis over i gjengrodde spor, og vidare mot toppen ingen sti. Var noko utsikt mot toppen. Snudde så og gjekk tilbake same veg og kryssa fv. 33. Her gjekk det veg som gjekk over i dårleg traktorveg oppover. Tok av i bratt terreng utan sti. Kom så til toppen av Hesjahøgde. Her var det bra utsikt, det er iallfall ikkje utsikta som gjer at det tydelegvis går få folk på toppen her. Gjekk ein annan veg nedover, for å gå til eit kulturminne (truleg restar etter Trondsætri) eg kunne registrere i appen Turfangst. Her var det tydelege spor etter større køyretøy, så det var enklare å gå ned her. Frå Trondsætri gjekk eg nordover att på skogsveg og kom etterkvart inn >>>

Karte    

Aust for Skilnadputten

Datum:
05.07.2026
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
1,8km

Første av to skogstoppar. Lite sti opp her, det er nok ikkje rekna som eit stort turmål. Men då kan ein ny topp kryssast av!

Karte    

Gammalstøltoppen

Datum:
24.05.2026
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
1,1km

Dagens andre topp begynte utanfor eit svært høgt gjerde og ei svært høg grind. Gjekk langs jordet for å hindre ferdsel over dyrka mark. Kom så opp i skogen og etterkvart på toppen. Noko utsikt frå toppen.

Karte    

Gravatjernhaugen

Datum:
24.05.2026
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
8,4km

Dagens første topp var ein av tre der alle hadde felles at eg kom til å bli første peakbookar på toppen! Turen til Gravatjernhaugen gjekk først langs skogsveg med god standard, deretter meir traktorveg før eg knalla opp i terrenget mot toppen. Eg fann ein sti, men det viste seg nok at dette var eit av fleire elgtrakk. Var elles fint skogsterreng her. På veg ned trudde eg at eg gjekk rett veg/rett sti, men fann snart ut at eg gjekk for langt mot nord, så eg dreide litt for å kome tilbake på rett plass. Det var enkelte snøklattar igjen i terrenget her og der. På veg tilbake langs skogsvegen møtte eg to turgåarar som tydeleg var forbausa over at andre enn dei sjølve gjekk på tur i området her :)

Karte    

Liaberget

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
2,2km

Dagens fjerde og siste topp var også den hardaste. I lengd og høgdemeter burde den vere enkel, men den var forholdsvis krevjande. Det var mykje buskas og slikt, særleg i den nedste bratte delen. Eg hadde desssverre gløymd machete. Det var enkelte stiar som kunne sjå ut til ikkje å berre vere sauesti, men dei forsvann like fort som dei dukka opp. Sannsynlegvis ikkje ein veldig godt besøkt topp, mulig toppsamlarar på Peakbook utgjer fleirtalet. På kartet står det forresten at toppen heiter Kløvberget.

Karte    

Hovdahøgdi

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
0,9km

Hovdahøgdi er ingen spektakulær topp. Ingen veldig spennande tur heller, turen gjekk gjennom hogstfelt, som no har begynt å gro igjen med gras og busker. Det gjekk sti mot toppen, men ikkje heilt samanhengande, Ein fordel med hogstfelt er at det blir god utsikt, og utsikten herifrå var akseptabel. På kartet står det elles Hovdahaugen.

Karte    

Kollhaugen

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
1,9km

Dagens første topp var Kollhaugen. Her gjekk det ein brukbar sti heile vegen. Det var veldig vått i terrenget, mest på grunn av store mengder dogg i terrenget. Turen gjekk i skogen, men på toppen reiste seg så vidt over skogen.

Karte    

Signalhøgde

Datum:
07.09.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
0,3km
Karte    

Storehøgahaugen

Datum:
10.08.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
2,8km

Dagens fjerde og siste topp var også den lengste turen, blant elles korte toppturar. Det var ingen sti her, men generelt forholdsvis lettgått terreng i open skog. Litt utsikt langs turen og frå toppen.

Karte