Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Barnas 5 på topp i Folldal - tur til Hoggstabben

Date:
29.07.2016

Ikkje før hadde det vore tur dagen før i området, så vart det tur med heile familien til Hoggstabben, ein av barnas 5 på topp i Folldal. Start og slutt ved Baklisætran p-plass.

Map    

Toppar mellom Kakelldalen og Einunndalen

Date:
28.07.2016

Flott fottur, start og slutt ved Baklisætran parkeringsplass. Først gjekk turen til Fatfjell, ein fin og spesiell topp med eit stort og flatt topplatå: Deretter gjekk turen mot Skardhøa: På veg mot siste toppen Bjørnskardkampen møtte eg på to store kvartsblokker, her er den eine: Utsikten er fin frå Bjørnskardkampen:

Map    

Tennafjellet

Date:
22.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
8.0km

Fin tur frå Utigardsetra til Tennafjellet. Turen gjekk på brukbar sti fram til litt over 600 m.o.h., etter det var det å bruke fantasien. Relativt lettgått "sauefjell". Batteriet tok slutt etter 8,0 km, men eg har antatt at "opp og ned er like langt". Her er litt foto:

Map    

Endeleg på Norges tak

Date:
20.07.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:10h
Distance:
11.4km
Map    

Fin tur på toppar nordaust og nordvest for Dokka

Date:
06.07.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:39h
Distance:
12.0km

Ein fin tur, som merka seg ut ved at det var gode stiar og lett å finne fram til samtlege toppunkt. Gjevlehaugen: Start ved Snauhaug skistadion. Fin og god sti gjennom skog til toppen av Gjevlehaugen. Generelt god utsikt frå toppen. Også ein geocache her! GPS-spor berre lagt inn for denne toppen, turen vart på 6,0 km tur-retur og 242 høgdemeter tur-retur. Vardhaugen: Start ved Leikarvoll stadion. Enkelt å finne vegen til toppen, men stien/vegen var litt kjedeleg, pga skogsdrift i området. Men utsikten frå toppen var fin, med utsikt mot Dokka og Randsfjorden. Vangsjøknatten: Fin sti gjennom skogen. Bratt opp siste delen. Flott utsikt frå Vangsjøknatten, med utsikt over Vangsjøen, Dokka, Randsfjorden og område mot Begnadalen i retning Hønefoss. Sjå opp for stup rett ved toppen! Ned att >>>

Map