Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Bjønnhøa, Slettfjellkampen og Gråvola

Date:
28.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:51h
Distance:
11.6km

Toppdag i Folldal. Turen starta ved Gammelsætran. Eg gjekk den gamle byvegen mellom Oppland og Nidaros eit stykke før eg tok av frå stien for å bestige Slettfjellkampen. Frå Slettfjellkampen gjekk eg strakaste vegen over mot Bjønnhøa. Turen gjekk så strakaste vegen mot Gråvola, der det gjekk treigt i dalbotnen på grunn av myr, høgt og trongt buskas m.m. Frå Gråvola gjekk eg ned att, der eg etterkvart kom ned på Byvegen. Bortsett frå byvegen gjekk turen utanom sti. Fin tur, med fin utsikt i dei fleste retningar frå dei ulike toppane. Veret veksla mellom skyer og sol denne dagen, og temperaturen var OK så lenge sola var framme. Det ser ut til å vere fint skiterreng også for oss som likar litt brattare terreng enn flate vidder, men som synest at fjella i Jotunheimen og Vestlandet >>>

Map    

Bjørnhollia

Date:
27.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
6.5km
Map    

Haugraid i Lillehammer

Date:
22.07.2015
Characteristic:
Hike
Duration:
1:36h
Distance:
3.3km

Første haug var "Bårdsengmyra punkt 282". Turen dit gjekk i uframkomeleg terreng over store blokker. Ein hoggorm fekk eg også helse på. Open furuskog og faktisk litt utsikt på toppen. Ned att fann eg ein brukbar sti + traktorveg, denne ruta er mest å anbefale for interesserte. Deretter vart det Brattengshaugen som vart nådd. Gjekk oppover langs eit byggefelt, og cirka 100 meter langs noko som likna på sti. Sjølve toppunktet ligg tett inn i ein mørk skog. Tredje punktet var "Nybu punkt 483", ein kort, men bratt tur opp gjennom skog og vått gras. Fjerde punktet var "Nybu punkt 480". Dette ligg cirka 180 meter frå "Nybu punkt 483", som truleg er ei medverkande årsak til at eg ikkje fekk registrert dette toppunktet på Peakbook. Turen er nok mest >>>

Map    

Blåfjellet

Date:
17.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:42h
Distance:
10.0km

Flott tur til Blåfjellet på den finaste dagen inneklemt mellom fleire kjølige regnversdagar. Starta frå Randabygda Idrettsanlegg og knalla oppover ein skogsbilveg som gjekk over i traktorveg og sti etterkvart. For å kome på rett kurs mot Blåfjellet, knalla eg i nordvestleg retning av frå stien. Flott utsikt frå Blåfjellet! Ut frå graden av varding og stibruk verkar det til å vere lite folk som går her, noko eg finn litt underlig. Men Glitteregga ved sida av - med sine over 1000 meter i primærfaktor - stel vel dei fleste turgåarane. Knalla nedover i delvis luftlinje mot Ålandsstøylen. Ikkje sti og noko myrete, høge fjellsko eller støvlar er anbefalt her. Det kunne sjå ut til at det gjekk ein mindre sti oppover frå Randastøylen og mot eit punkt på 917 m.o.h. Eg trur gjerne >>>

Map    

Saulaksla

Date:
12.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
5.6km

Tur til Saulaksla i dag. Ein topp i Stryn vest som vart peika ut mest på grunn av snøtilhøva på høgareliggande toppar. Men toppen var absolutt verdt eit besøk. God utsikt undervegs og på toppen. Generelt god sti, men greitt å vite kor ein skal gå frå Utitunsstøylen. Vi gjekk på grei sti oppover, men fann ein raskare og betre sti på vegen nedover. Ved 800 m.o.h. var det eit utsiktspunkt med bok. Tydeleg at det er dette som er målet for dei fleste, då stien tok meir eller mindre slutt her. Men vi skulle til topps! Her er litt foto frå turen:

Map    

Sletthøe og Sletthøtangen

Date:
07.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
14.0km

Tur til Sletthøe og Sletthøtangen. Turen gjekk oppover lauvskog før det gjekk over i lavdekt terreng. Eg gjekk først til Sletthøtangen, deretter beina eg opp på Sletthøe. Fin utsikt mot Rondane, Storsølnkletten, Atndalen, Snøhetta m.m., men lågt skydekke i horisonten kutta utsikta mot dei største toppane. Relativt kaldt, overskya ver med +5 grader og kraftig vind på toppen av Sletthøe. Dårleg batteri på klokka gjorde at GPS-sporet berre vart logga oppover. Nedturen gjekk om lag på same stad, med unntak av at eg no gjekk vest for Sletthøtangen. Lengd og tid på turen synt reflekterer heile turen opp og ned, ikkje berre GPS-spora. Her er litt foto:

Map    

Ti på topp Lillehammer - Panoramavegen

Date:
05.07.2015
Characteristic:
Hike
Map    

Tinderangling i Øyerfjellet

Date:
02.07.2015
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h
Distance:
12.5km

Då eg var på to toppar med tind i namnet (Høgtinden/Goppollfjellet og Heratinden), kan ein vel trygt seie at eg var på tinderangling. Det var uansett ein flott tur på ein varm og solrik dag. Utsikta er vid i Øyerfjellet, både mot snødekte Rondane, store delar av Øyerfjellet, Ringebufjellet, Synnfjell og delar av Jotunheimen. Turen gjekk på ei blanding av stiar, i terreng utan stiar, og litt langs grusveg. GPS-sporet dekker 10,0 km av turen. Turen til Tyvedkampen var cirka 2,5 km tur-retur, her har eg ikkje GPS-spor, dessutan gjekk batteriet på klokka der. Her er litt foto frå turen:

Map