Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (3)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (30)
- Alpine trip (1)
- Hike (4)
- Hillwalk (25)
Peakbook-Friends
Mjølkedalspiggen
- Date:
- 19.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 9:11h
- Distance:
- 24.2km
Avstikkar frå Vinjerock
Etter første kvelden på Vinjerock la eg og Magnar ut på tur for å bestige Mjølkedalspiggen, og muligens Sagi. Vi pakka med tau og sikringsutstyr i tilfelle vi skulle nå heilt fram til Sagi, so sekkane vart nokså tunge. Formen var også redusert etter lystig lag kvelden i forvegen. Vêret kunne vi dog ikkje klage på. Det var fantastisk (heile helga!)!
Etter eit par spy-pauser langs austsida av Store Mjølkedalsvatnet nådde vi Mjølkedalsbreen og stigninga opp mot piggen. Formen var fortsatt laber etter gårsdagen, og vi var i ferd med å gje opp heile turen.
Vi tok ei god pause, og kokte opp litt turmat før vi kvilte middag på svaberga. Sola varma godt, og elva som bruste på sida gjorde det lett å duppa av.
Etter en times pause såg vi plutselig en gjeng som >>>
Kvannfjølli
- Date:
- 12.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:29h
- Distance:
- 23.3km
Kommunetoppsamling i Austheiane
Del 1: Sæbyggjenuten
Del 2: Kvannfjølli
Etter ei god natts søvn på Berdalsbu fortsatte turen mot Tjørnbrotbu og Kvannfjølli.
Etappen til Tjørnbrottbu starta med ei kort oppstigning gjennom bjørkeskog og vidare på godt merka sti gjennom lettgått høgfjells terreng.
På Tjørnbrotbu parkerte vi overnattingsutstyr og fortsatte mot Kvannfjølli. Først ca. 4km på merkt sti austover, før vi tok av sørover og starta oppstigninga mot toppen.
Frå toppen var det utsikt mot Hardangervidda og Hårteigen i nord. Vi kunne også sjå Hardangerjøkulen i det fjerne. I austleg retning kunne vi sjå mot Gaustadtoppen.
Etter eit måltid real turmat returnerte vi til Tjørnbrottbu. Her var det meir folksomt enn dagen før på Berdalsbu. Det var 6 andre gjester på Hovedhytta, og 3 stykker på sikkringshytta.
Sæbyggjenuten
- Date:
- 11.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 8:31h
- Distance:
- 22.6km
Kommunetoppsamling i Austheiane
Del 1: Sæbyggjenuten
Del 2: Kvannfjølli
To dagers tur med overnatting på DNT hytter.
Første dag gikk turen til Sæbyggjenuten med start frå Berdal. Sekkane blei letta ved Berdalsbu, før vi vandra vidare opp Slækjeskardet.
Vi fann trakk her og der vidare mot Ytre Gjuvvatnet, men måtte stort sett stake ut kursen sjølve.
Elva mellom Ytre Gjuvvatnet og Midtre Gjuvvatnet måtte vadast til knehøgde. Sokkar og sålar vart lagde i sekken før vi vadde elva med sko på. Bedre med litt våte sko, enn ein skadd fot.
Etter passering av elva starta stigninga mot toppen. Utsikta opna seg stadig utover meir terreng.
Vi nådde toppen etter rett under 5 timar på tur.
Med skodde som kom sigande frå aust var det litt kaldt og surt her oppe, men vi unte oss likevel ei god pause med real turmat og ein >>>
Napuren
- Date:
- 09.07.2024
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:59h
- Distance:
- 8.5km
Kommunetoppen i Fyresdal.
Sommerferien er i gong, og med utgangspunkt ifrå hytta på Hovden blei Napuren feriens første bestigning.
Vi parkerte bilen langs Borsævegen, og fulgte sti opp Kuskardet.
Vidare gikk stien langs to vatn, før den skråa opp til toppen.
Vid utsikt ifrå toppen, perfekt start på ferien!
Gygrastolen
- Date:
- 24.06.2024
- Characteristic:
- Alpine trip
- Duration:
- 7:57h
- Distance:
- 14.5km
After-lunch tur til Rosendalsalpane.
Stakk frå jobb til lunch, plukka opp Tonje og køyrde mot Rosendalsalpane for å utnytte godvêret. Planen var å gå traversen over Gygrastolen. Vi hadde pakka med oss litt klatreutstyr for å kunne øve på taulagsrutiner over dette ranglepartiet.
Det vart sein avmars frå Ænes, ca 15:30. Godt å kunne utnytte den lysaste årstida.
Traversen gikk vi frå aust mot vest. Ranglinga var enkel, men det var betryggande å være innbunden i tau. Satt to taulengder opp til 1347 toppen, og gikk på løpande vidare over traversen mot aust.
På vei nedatt stakk vi oppom Skrunten.
Tilbake ved bilen klokka halv 12, fortsatt lyst.
Takk for turen!
Storebjørn og Veslebjørn
- Date:
- 18.05.2024
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 9:30h
- Distance:
- 16.8km
Bjørnejakt på Sognefjellet.
Etter gårsdagens 17. Mai feiring med tilnærma skyfri himmel var vêret i dag blitt overskya, men med håp om glimt av sol utover dagen.
Etter å ha sjekka ut frå Sognefjellshytta køyrde vi ned forbi Krossbu og parkerte langs vegen. Her krydde det av bilar og aula med folk, so det var tydeligvis mange som hadde tenkt seg på skitur i dag. Opp Leirbreen var det reine folkevandringa, og vi kunne sjå folk på alle toppane kring den.
Vi gjekk rett til Bjørneskaret med Storebjørn som dagens første mål. Storebjørn var eit mektig skue der den reiste seg mot himmelen i det vi sklei ned Bjørnebreen.
Vi parkerte skia før den siste bratte kneika opp til toppen, og gjekk med randonee støvlar og stavar her ifrå.
På toppen naut vi utsikta og litt sjokkis før vi satt >>>
Gravdalstindar og Søre Smørstabbtindar
- Date:
- 17.05.2024
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 10:09h
- Distance:
- 21.3km
17. Mai feiring rundt Smørstabbreen.
Etter eit litt surt 17. Mai vêr året i forrvegen der det ikke vart nokon tur til fjells, meldte Yr i år om perfekte forhold for feiring til fjells.
Turen blei lagt til Sognefjellet med innlosjering på Sognefjellshytta.
Etter ein god frukost spant vi på oss skia og starta vandringa mot Smørstabbreen. Vi gikk turen på randoneeski, men turen hadde også vert godt egna for fjellski.
Første timen gikk i "bortover terreng" langs skiløypa på Sognefjellet og inn på den kvista løypa mot Skogadalsbøen. Den neste timen gikk i "oppover terreng" melllom Falgeberget og Bøverbreen før vi kom opp på Smørstabbreen.
Sørvestre Smørstabbtind blei besteget frå nordvest før vi la sporet vidare mot Vesle Gravdalstinden og Gravdalstinden. Frå >>>
Boknafjellet
- Date:
- 11.05.2024
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 0:49h
- Distance:
- 2.9km
Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn.
Del 1: Klauv
Del 2: Dyrafjellet
Del 3: Lammanuten
Del 4: Boknafjellet
Dagens siste stopp var Boknafjellet. Ved denne toppen var det også tilrettelagt med parkering.
Heile turen gjekk på grusveg som var sperra med bom ved foten av fjellet. På veg opp møtte vi mange sauer, og det største blikkfanget var prosessanlegget på Kårstø. Turen opp tok omlag 20 minutt.
På toppen blei vi møtt av den store radio antenna som ein kan sjå når ein køyrer forbi fjellet på E39, og ein varde som markerte toppunktet.
Gjennom havdisen kunne vi sjå over til Karmøy med havet i bakgrunnen. Hadde det vert litt bedre sikt kunne vi nok også sett til Stavanger i den andre retninga.
Etter retur til bilen kunne vi vende snuta tilbake mot Bergen, med heile fire nye kommunetoppar kryssa av på lista. >>>