Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

"Peakbookvenner"

Så langt har jeg ingen "Peakbook-kontakter".

Lister jeg samler etter

Blåskavlen

Dato:
11.06.2023
Turtype:
Fjellskitur
Turlengde:
4:21t
Distanse:
15,2km

Avslutning av skisesongen med kommunetoppen i Aurland Etter ein flott tur på Svadfjellet i Gulen dagen i forvegen fann vi ut at vi måtte utnytte søndagen i denne godvæirshelga også til det fulle. Blåskavlen på Aurlandsfjellet blei planlagt som turmål, og skia blei lagt i skistativet for sannsynligvis siste gong denne våren. Avreise fra Bergen 07:30. Eg hadde i forkant forhøyrt meg med kollega og lokalkjent Siver om snøforholda på Aurlandsfjellet, og han meinte at det fortsatt skulle være mogleg å gå i frå "den øvste parkeringa". Undervegs på den tre timar lange bilturen opp såg det ut som det var begynt å bli veldig tynt med snø i fjella, og vi håpte at ikkje heile turen skulle bli ein bomtur. Vi køyrde rett forbi Stegastein som krydde av turistar og vidare opp >>>

Kart    

Svadfjellet

Dato:
10.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:15t
Distanse:
12,0km

Kommunetoppen i Gulen Vi parkerte ved E39 og fulgte skiltinga mot Svadfjellet. Første stigning førte opp Skitdalen og forbi ei sæter. Vidare opp eit snøfyllt skar som førte opp til Blåfjellvatnet. Jevn stigning vidare innover fjellet med gradvis økning av snømengde. Snøen var fin å gå på, men eg trakka gjennom litt før siste oppstigninga til toppen. Heldigvis var vatnet under snøen ikkje så djupt, så eg vart berre litt våt på føta. Flott varde på toppen og vidstrakt utsikt utover Stølsheimen. Vi kunne også skimte Krakhellenipa i vest. På returen klarte å trakke igjennom snøen omtrent på same plass ein gong til. Eg var allerede våt på beina så det gikk heilt fint. Vi hadde flott vær med steikande sol heile vegen. Takk for turen!

Kart    

Høgafjellet

Dato:
04.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
5:10t
Distanse:
15,4km

Kommunetoppen på Osterøy Vi køyrte til Gangstø der det var parkering i enden av ein grusveg ved Gangstøtjørna. Herfra var det skilta tur til Høgafjellet via fleire alternativ, blant anna rundtur via Osvatnet. Vi valgte å ta kortaste vei opp og ned via Bernessetra. Første etappe gikk igjennom skogen oppanfor Austre-Storavatnet. Ved Gardstjørna delte stien seg, og dersom ein skulle gått rundturen via Ostvatnet måtte ein tatt av her. For vår del fortsatte råsa her bratt oppover ein fjellrygg med stort sett sva som underlag. Like før Bernessætra miste vi råsa og var pluttseleg på veg mot Olgrøda. Her blei det litt kaving i skogen før vi kom oss ned til Bernessætra. Turen gikk så vidare forbi sætra på god rås over bekkar og sva til vi stod på toppen ca. 1,5 time seinare. Her >>>

Kart