Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (40)
- Bergtour (32)
- Hochtour (1)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (6)
-
Skitour (8)
- Randonnée/Telemark (5)
- Tourenskilauf (3)
Peakbookfreunde
Høge Stang
- Datum:
- 28.07.2025
- Tourcharakter:
- Fahrradtour gemischt
- Tourlänge:
- 2:52h
- Entfernung:
- 22,8km
Kommunetoppen i Aremark
Vi tok med oss sykkel frå hytta på Hvaler og kjørte i retning Halden. Parkerte langs Bjørkebekkveien like etter Remnevannet. Fra her går det skogsveg inn mot Høge Stang. Skogsvegen er sperra med bom, men sykkel egna seg godt.
Det skal også gå blåmerka sti inn til Høge Stang som startar eit par hundre meter lenger aust langs Bjørkebekkveien.
Vi sykla ca. 5 km innover vegen før vi tok av på ein sideveg. Etter eit par hundre meter traff vi den blåmerka stien som kryssar vegen. Her parkerte vi syklane og fortsatte til fots.
Etter knappe 2 km langs den blåmerka stien nådde vi Høge Stang. På toppen var det ein varde med norsk flagg, og eit skilt som viste retningar for den blåmerka stien.
Tilbake ved syklane var planen å sykle vidare mot kommunetoppen i Halden, >>>
Toåsen
- Datum:
- 25.07.2025
- Tourcharakter:
- Spaziergang
- Tourlänge:
- 0:37h
- Entfernung:
- 2,8km
Toppen av Nesodden
På vei til hytta på Hvaler tok vi en kjapp tur til Nesodden sin kommunetopp, Toåsen.
Parkerte bilen på ein innfartsparking, og gikk rett inn i skogen her ifra.
Skogen var full av stiar, så her var det berre å velge en sti i riktig retning. Holdt først litt sørlig retning for å runde ei myr som låg mellom oss og toppen, før vi peila oss inn rett mot toppen.
På toppen sto det ein antenneinstallasjon. Ellers var det lite utsikt, da det var skog i alle rettninar.
Tilbake på parkeringsplassen etter ca. 40 minutt, med en enkel kommunetopp i boks.
Slettmarkpiggen
- Datum:
- 18.07.2025
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 6:28h
- Entfernung:
- 24,7km
Årets avstikkar frå Vinjerock
Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen.
Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng.
Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen.
I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.