Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Malmangernuten

Date:
08.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:34h
Distance:
8.0km

Hausttur i Rosendalsalpane. Del 1: Melderskin Del 2: Malmangernuten Etter å ha vert på Melderskin fann eg ut at vêret var for fint til å berre køyre tilbake til Bergen att. Valde derfor å ta ein tur opp om Malmangernuten. Herifra var det flott utsikt tilbake mot Melderskin, og utover fjorden. Tok også ein tur fram ryggen der ein kunne sjå ned til Rosendal og Baroniet.

Map    

Melderskin

Date:
08.10.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
4:50h
Distance:
10.4km

Hausttur i Rosendalsalpane. Del 1: Melderskin Del 2: Malmangernuten Hadde egentlig planlagt en travers over Gygrastolen før vinteren slo inn, men sidan ingen turkameratar hadde høve til å være med denne dagen måtte eg leite etter alternativ. Med strålande vêrmeldingar fall valget på Melderskin. Køyrde tidleg frå Bergen for å rekke 07:45 ferja frå Gjermundshamn. Trollsk stemning gjennom Fusa i det natta gjekk over til tussmørke og vidare over til dag. Starta turen frå Kletta ovanfor Rosendal. Første par hundre meterane gjekk på grusveg, før turen gjekk bratt oppover skogen mot Melderskin. I det eg bikka kanten kom sola til syne, og eg fekk flott utsikt utover Rosendal og mot Ulvanosi. Vidare fulgte eg den raudmerka stien til foten av fortoppen til Melderskin. Herifra gjekk eg opp på fortoppen, og fulge >>>

Map    

Punkt på Årsdalsryggen

Date:
01.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:40h
Distance:
21.9km

Kommunetoppen i Masfjorden. Tur til Masfjorden sitt høgste punkt i nydelige haustfargar. Turen starta frå Stordalen fjellstove kor vi følgde merka DNT sti mot Fjellvassbu og vidare mot Vardadalsbu. Det hadde regna natta i forvegen så det skulle vise seg litt utfordrande å komme seg over bekkane vi måtte passere langs Bukkedalsvatnet. Med litt flaks og bruk av balansekunster klarte vi å komme oss nokolunde tørrskodd over dei alle. Vidare opp mot Gygrebotnen begynte virkelig haustfargane å vise seg fram. Flott terreng å bevege seg igjennom i den friske fjellufta. Frå Gygrabotnen venta ei stigning opp mot Fjellvassbu. Vi kunne no sjå Årsdalsryggen på andre sida av fjellplatået som vi skulle passere. På Fjellvassbu kunne det meldast om god fyr i peisen. Det såg rett og slett koselig >>>

Map    

Runderabben

Date:
24.09.2023
Duration:
5:04h
Distance:
18.5km

Kommunetoppen i Modalen. Vi gikk til Runderabben i fra Stølsvatnet. Dei fyrste 4km gikk på anleggsvei som slynga seg mellom vatn, bekkar, demningar og bekkeinntak. Det hadde nok vært mulig å køyre lenger opp denne vegen enn kva vi gjorde, men vi var jo her tross alt for turen sin del. Vidare følgde vi merkt DNT sti mot stikrysset kor ein kan gå mot Norddalshytta eller Solrenningen. Her gikk vi mot Solrenningen eit lite stykke før det var skilta mot Runderabben. Vardar med blå merker viste oss vegen vidare mot toppen. På toppen var det skarp haustluft, og spor av at vinteren allerede hadde vert på ein snarvisitt. Vi naut utsikta ei lita stund, før vi starta på heimturen. Tilbake ved Stølsvatnet etter 5 timar på tur.

Map    

Skjerjavasshovden

Date:
17.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:07h
Distance:
10.6km

Kommunetoppen i Vaksdal. Tur til Skjerjavasshovden i nydelig haustvêr saman med Tonje. Vi køyrde mot Gullbrå øverst i Eksingedalen, og følgde Holskarvegen fra Søtskarsbrekke. Her var det skilta om fare for kø grunna sauesanking. Vi parkerte langs vegen etter vi hadde passert et område der det var skilta om rasfare. Herifrå satt vi kursen mot Heimste Belaskaret. Terrenget vart meir lettgått etterkvart som myr vart gradvis erstatta med sva og fjellterreng. Etter nedstigninga fra skaret kunne vi hoppe tørrskodd fra stein til stein over det smalaste partiet på Lonevågen. Etter en bratt bakke som førte oss opp på en rygg, fortsatte ryggen i jevn stigning til vi stod på toppen av Skjærjavasshovden. Varden på toppen var solid, og utsikta var vid. Vi nytte kvar vår kopp kaffi og litt kvikk >>>

Map    

Sørdalsnuten

Date:
09.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:05h
Distance:
21.8km

Kommunetoppen i Alver. Ettermiddagstur i Stølsheimen til Alver sitt høgste punkt. Starta frå Dyrkolbotnen og fulgte råsa mot Skavlabu. Litt før Heimsta Sørdalsvatnet tok vi av frå råsa og fulgte ryggen opp til Instebotnsknolten. Vidare frå Instebotnsknolten gikk vi mot sør-aust og kom inn att på råsa til Sørdalsnuten ovanfor Djupavatnet. Frå Sørdalsnuten hadde vi utsikt ned mot Romarheimsfjorden og over til Osterøy. Retur via råsa til krysset ved Heimsta Sørdalsvatnet og tilbake til Dyrkolbotnen. Takk for turen!

Map    

Tverrådalskyrkja

Date:
02.09.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
9:49h
Distance:
24.1km

Familietur i Breheimen Vi hadde lenge snakka om en familietur til Tverrådalskyrkja. Denne helga var det meldt bra vêr, så eg tok turen heim i frå Bergen fredagen. Laurdag morgon var vi klar for tur over Strynefjellet. Med på turen var mor, far, Silje, Britt og Hedda. Ankomst Sota Sæter rundt halv 10, litt seinare enn kva eg foretrekk, men det fekk stå til. Det gikk radig opp skogen bak Sota frem til Steindalen kor vi tok vår fyrste rastepause. Steindalen starta med lettgått terreng på berg og stabile steinar. Etterkvart som vi passerte Styggvatnet og nærma oss Fortundalsbreen vart steinane meir ustabilie og vi måtte være litt meir forsiktige med kor vi satt føta. Fortundalsbreen var avsmelta og vi kunne ikkje sjå sprekker anna enn i midtpartiet kor det rann ei breelv. Vi vurderte >>>

Map    

Blåtind og Kongsvollen

Date:
06.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:34h
Distance:
9.1km

Kommunetoppane i Ulstein og Hareid. Tur til Blåtind og Kongsvollen på ein litt grå dag. På grunn av tåke som hang rundt toppane fekk vi desverre ikkje så mykje utsikt denne dagen. Vi gikk til Blåtind fra parkeringa ovanfor Haddal. Vidare fulgte vi fjellrekka nordaust mot Kongsvollen. På returen sikta vi oss inn mot Hundelaupsvatnet kor vi kom inn igjen på råsa som vi hadde fulgt opp.

Map    

Tverrbottinder og Tverrbytthorn

Date:
04.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
10:34h
Distance:
17.1km

2000 samling rundt Leirvassbu. Etter ein sommar med mykje ymse vêr såg det ut til å åpne seg eit lite vêrvindauge i Jotunheimen. Eg og Tonje køyrde frå Hornindal tidlig på morgonen med kurs mot Leirvassbu. Målet for dagen var Tverrbottinder, og fortsettelse mot Tverrbytthorn dersom tida og lysta var til stades. Fra parkeringa ved Leirvassbu følgde vi vegen tilbake ned Leirdalen vell 1,5 km før vi tok av mot Leirløyfte. Det låg fortsatt ein tynn dis i dalen, men vi kunne skimte blå himmel over disen. Etter rundt 2,5 timar sto vi på toppen av Vest for Vestre Tverrbottinden og kika over eggen til Vestre Tvettbottinden. Eggen såg luftig ut, men eg valde å klyve den. Tonje vart fort svimmel og snudde ganske fort. Ho følgde heller omgåelsen nede i søraust sida. Eggen kjentes grei ut >>>

Map    

Austlege Rokkekjerringa

Date:
01.08.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:38h
Distance:
14.5km

Rokkekjærringa har fått seg ein fast ski-visitt stort sett kvar vår dei siste åra. Frå Rokkekjerringa kan ein sjå ned på eggen fram til den tilsynelatande utilgjenglige naboen i Aust. Også sett frå Blåvatnet ser denne naboen med sin spisse profil ganske utilgjengelig ut. Det var på tide å avlagt denne naboen ein visitt. Eg fekk med meg far min på denne ekspedisjonen som starta frå Bjørke. Vi hadde høyrt at det skulle være greit å nå toppen frå Tverrelvdalen. Vi fulgte råsa opp mot Tyssenaustet. Både Honndalsrokken og Rokkekjerringa gjømde seg inne i skodde når vi nådde Tyssevatnet. Her vart det ein liten matbete medan vi studerte ruta vidare opp mot Tverrelvdalen. Rokkekjerringa kika fram frå tåka i det vi bikka kanten inn i Tverrelvdalen. Det såg veldig bratt ut vidare >>>

Map