Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Trollsteineggje++

Datum:
07.09.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
37,7km
Karte    

Fuglafjellet

Datum:
01.09.2024
Tourlänge:
7:34h
Entfernung:
22,0km
Karte    

Rokkjen ad Søraust-Eggja

Datum:
06.08.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:00h
Entfernung:
12,6km

Ad Søraust-Eggja Det var på tide å introdusere Tonje for turen opp søraust-eggja på sjølvaste Honndalsrokken. Turen følge normalruta inn til Blåvatnet og opp renna til ryggen mellom Honndalsrokken og Sætrenibba. Vidare sikta vi oss inn rett mot Honndalsrokken, i staden for å skråe rundt toppen. Ved foten av Honndalsrokken møter vi ein hammar som vi må klyve. Klyvinga er enkel, men eksponert på enkelte punkt. Tonje tykte det var lett. Tøffing. På toppen var det mange som nytte lunsjen sin nedom varden. Dei lurte på kvar i alle dager slags veg vi kom opp. Etter ei god pause på toppen følgde vi normal vegen ut igjen til Honndalssætra. Klokka inn på 5 timar blank.

Karte    

Muen

Datum:
05.08.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
1:26h
Entfernung:
4,4km

Ringebu sin høgste Etter å ha besøkt Gitvola i Løten køyrde vi opp Østerdalen. Det blei eit stopp med Storelgen i Stor-Elvdal, og eit ladestopp i Koppang før vi tok av frå Østerdalen mot Folldal/Ringebu, og seinare mot Ringebu over Venabygdsfjellet. Etter kvart kom Muen til syne langs vegen. Det gikk mange trakk innover fra parkeringa mot toppen. Alle trakka enda stort sett opp i den same stien. I den siste oppstigninga mot toppen går stien over i steinur. Her møtte vi en mann som såg ut til å slite noke voldsomt med å ta seg opp steinura då han omtrent gikk på alle fire(Han såg ut som en Amerikanar). Vi såg han og på returen, og då hadde han gitt seg på bestigningsprosjektet og snudd tilbake mot parkeringa. Sikkert ikkje lett å ta seg fram i steinur dersom en er vekst opp på prærien.

Karte    

Gitvola

Datum:
05.08.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Entfernung:
3,1km

Løten sin høgste Etter gårsdagens tur til Barlindåsen og overnatting på Hamar køyrde vi til Gitvola parkering. Fin sti fra parkeringa, og godt tilrettelagt med kloppar til å passere ei myr like før toppen. På toppen var det eit utsiktstårn som ein kunne speide utover Hedemarksvidda frå. Lokalt skal fjellet i tidligere tider ha vert kjent som tidligere Bloksberg, men vi møtte ingen hekser på toppen. Etter vi kom tilbake til bilen fortsatte vi mot Elverum og opp Østerdalen for å besøke Muen på Venabygdsfjellet.

Karte    

Barlindåsen

Datum:
04.08.2024
Tourcharakter:
Wanderung
Tourlänge:
1:50h
Entfernung:
7,6km

Rælingen sin høgste Delte opp reisa frå Hvaler til Honndalen i to etappar med overnatting på Hamar. Under første etappe stoppa vi i Marikollen for å bestige Rælingen sin kommunetopp, Barlindåsen. Vi gikk først innom Ramstadslottet slik at det var ein rundtur. Ramstadslottet var eit bedre utsiktspunkt enn Barlindåsen. På Barlindåsen møtte vi ein hoggorm som pilte inn i eit hol i bakken like ved postkassa som stod på toppen. Etter overnatting på Hamar besteig vi neste dag Gitvola og Muen .

Karte    

Østento

Datum:
03.08.2024
Tourlänge:
0:32h
Entfernung:
2,7km

Fredrikstad sin kommunetopp Etter besøket til Bankerødkollen på Hvaler køyrde vi vidare mot Fredrikstad sin høgste topp, Østento. Vi parkerte ved avkjørselen til Onsøy JFF si skytebane, og traska vidare til neste avkjørsel på Vikaneveien. Opp denne avkjørselen kom vi til ein gård. Ved gården tok vi inn til venstre på ein gammal kjerreveg som førte opp mot Østento. Vi gjekk først til Østento Nord kor det ein gong i tida sto eit tysk utkikstårn. Dette er punktet som er registrert som høgste punkt i Fredrikstad på Peakbook. Vidare jogga vi til Østentorøysa, som er omtrent like høg som Østento Nord, før vi jogga tilbake til bilen.

Karte    

Bankerødkollen

Datum:
03.08.2024
Tourlänge:
0:18h
Entfernung:
1,1km

Kommunetoppen i Hvaler Køyrde frå Kirkøy mot Fredrikstad, og tok av til venstre like før bensinstasjonen på Vesterøy. Etter to svinagar parkerte vi på venstre side av vegen ved bommen som sperrar vegen opp til Bankerødkollen. Frå her var det ikkje lange turen opp til Hvaler sitt høgste punkt. Frammafor toppen var det eit vasstårn, og på sjølve toppunktet var det ein liten varde. Var tilbake ved bilen igjen etter mindre enn 20 minutt, inkludert litt sightseeing på toppen.

Karte    

Hedemarkstriangelet

Datum:
31.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
5:55h
Entfernung:
21,4km

Etter å ha ete ein betre frukost på Pellestova køyrde vi på grusveg til Øyungen. Planen var å bestige Hedemarksvidda sine kommunetoppar Tuva, Sørøst for Hemmelkampen og Øst for Kroksjøhøgda i henholdvis Ringsaker, Åmot og Hamar kommune. Vi gikk først til Tuva via Dansaren, Jomfrua og Tjuven. Vidare var vi bortom Taterungskampen før vi kryssa nord for myrområdet mot Hemmelkampen. På Hemmelkampen kokte vi opp lunsj før vi passa på å gå innom Sørøst for Hemmelkampen, som skal være det høgste punktet i Åmot kommune. Ned frå Hemmelkampen begynte den mest strabasiøse delen av turen; ned ei skråning med ein del stein, gjennom tette buskkratt og forbi eit myrparti før vi omsider kom inn på ein sti. Stien leda tilbake til Øyungen og passerte like forbi høgste punktet i Hamar >>>

Karte    

Nevelfjell

Datum:
30.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:07h
Entfernung:
9,6km

For å dele opp bilturen fra Honndalen til Hvaler, bestemte vi oss for å ta ei overnatting på Pellestova med bestigning av kommunetoppar i same sleng. Lillehammer sin høgste topp, Nevelfjell, kunne enkelt bestigast frå Pellestova. Det var skilta og god sti heile vegen til toppen. På toppen sto det ei hytte, og ved toppunktet var det ein delvis sammenrast varde. På kartet såg det ut som det gikk å gå en rundtur vidare aust og ned mot Reinsvatnet. Vi kom her inn på ein traktorveg, men som leda vidare inn i myr terreng. Stien som var merka på kartet var sannsynligvis skiløype på vinteren, men ikkje like godt egna for sommartur. Vi kom oss etter litt kaving gjennom myra og tilbake til Pellestova kor vi kjøpte oss en betre middag. Pellestova var forresten en veldig flott overnattingsplass >>>

Karte