Arkiv - datum

Arkiv - aktivitet

Peakbook-vänner

Än så länge har jag inga Peakbook-vänner.

Listor jag samlar på

Høgenipa

Datum:
21.12.2025
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
4:37t
Avstånd:
12,1km

500 PF topp på årets kortaste dag Med vinteren som enda let vente på seg åpna muligheten seg for å bestige nok en 500 pf topp uten ski før jul. Parkerte bilen ved anleggsvegen som fører opp til bekkeinntaket for Markåni elvekraftverk, då planen var å returnere ned her. Starta turen ved å spasere ca. 600 meter langs bilvegen tilbake mot E16. Frå her gjekk det ein bratt traktorveg opp 350 høgdemeter mot Dalseidstølen. Siste 50 høgdemeterane gjekk på sti. Vidare sikta eg meg inn mot Kvigedalsegga opp bratte grasbakkar mellom isdekka sva. Like før toppen kika den lave desembersola fram. Frå Kvigedalsegga måtte eg peile meg inn på eit hjøl (bomma først på dette og måtte gå tilbake) som tok meg ned til elvemunningen på Nedre Krokavatnet. Herfrå runda eg vatnet på nordsida med >>>

Karta    

Våganipen

Datum:
07.12.2025
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
3:07t
Avstånd:
8,9km

Vinteren drog igjen omtrent like raskt som den kom, også eit stykke oppover i fjella. Etter å ha speida mot Bjørnafjorden frå Ulriken dagen i forvegen og konstatert at snøgrensa låg høgt bestemte eg meg for å sikte meg ut ein ny pf. 500 topp i Fusa. Våganipen vart dagens mål. Eg valgte å gå turen via Hjortedalen då det var det nærmaste startpunktet frå Bergen. God parkering med plass til nokre bilar ved startpunktet. Turen starta med eit par hundre meter på traktorveg fram til ein lunneplass. Like ved lunneplassen traff eg på ein kjentmann som fortalte meg om turen vidare opp. Han fortalte at det var svært bratt når en nærma seg toppen, og at en der kunne risikere å måte gå på alle fire. Spennande! Etter lunneplassen bar det opp i eit hogstfelt. Her rota eg meg inn i eit >>>

Karta    

Hauggjelsvarden Sør

Datum:
17.09.2025
Turtyp:
Fotvandring
Tidsåtgång:
2:47t
Avstånd:
10,4km

Byfjellenes høyeste punkt Hausten har satt inn for fullt, og tida for fotturar til våre høgste toppar er over for i år. Det minkar også på kommunetoppar i nærheten av Bergen som ikkje er besteget. Ein kveld eg sat å surfa Peakbook kom eg over lista "Sør-Norge ≥ 500m pf". På denne lista var det mange nye toppar som kunne gje ein inspirasjons-boost til å fortsette å utforske fjella i landet vårt. Det låg faktisk en topp "rett bak" leiligheta vår på Landås! Toppen blei besteget etter jobb, via "Sikksakken" og "Indianerstien". Nådde toppen i skumringa, med utsikt tilbake mot Ulriken. Retur via korketrekkeren og ned til Sollien. Første topp på lista var enkel, men det spørs om eg nokon gong blir ferdig med denne lista. Uansett er det kjekt >>>

Karta    

Høgestang

Datum:
28.07.2025
Turtyp:
Blandad cykeltur
Tidsåtgång:
2:52t
Avstånd:
22,8km

Kommunetoppen i Aremark Vi tok med oss sykkel frå hytta på Hvaler og kjørte i retning Halden. Parkerte langs Bjørkebekkveien like etter Remnevannet. Fra her går det skogsveg inn mot Høge Stang. Skogsvegen er sperra med bom, men sykkel egna seg godt. Det skal også gå blåmerka sti inn til Høge Stang som startar eit par hundre meter lenger aust langs Bjørkebekkveien. Vi sykla ca. 5 km innover vegen før vi tok av på ein sideveg. Etter eit par hundre meter traff vi den blåmerka stien som kryssar vegen. Her parkerte vi syklane og fortsatte til fots. Etter knappe 2 km langs den blåmerka stien nådde vi Høge Stang. På toppen var det ein varde med norsk flagg, og eit skilt som viste retningar for den blåmerka stien. Tilbake ved syklane var planen å sykle vidare mot kommunetoppen i Halden, >>>

Karta    

Toåsen

Datum:
25.07.2025
Turtyp:
Promenad
Tidsåtgång:
0:37t
Avstånd:
2,8km

Toppen av Nesodden På vei til hytta på Hvaler tok vi en kjapp tur til Nesodden sin kommunetopp, Toåsen. Parkerte bilen på ein innfartsparking, og gikk rett inn i skogen her ifra. Skogen var full av stiar, så her var det berre å velge en sti i riktig retning. Holdt først litt sørlig retning for å runde ei myr som låg mellom oss og toppen, før vi peila oss inn rett mot toppen. På toppen sto det ein antenneinstallasjon. Ellers var det lite utsikt, da det var skog i alle rettninar. Tilbake på parkeringsplassen etter ca. 40 minutt, med en enkel kommunetopp i boks.

Karta    

Slettmarkpiggen

Datum:
18.07.2025
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
6:28t
Avstånd:
24,7km

Årets avstikkar frå Vinjerock Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen. Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng. Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen. I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.

Karta    

Visbreatind og Kyrkja

Datum:
13.07.2025
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
10:29t
Avstånd:
17,7km

Årets fyrste sommartur til Jotunheimen gjekk opp nordryggen til Visbreatind og vidare over Langvasshøe med avslutning på Kyrkja. Herleg å vandre inn Kyrkjeglupen igjen med dagens to hovedmål midt i mot! Etter halvannan times rolig marsj starta vi oppstigninga opp moreneryggen ved Visbrean mot Visbreatind N1. Opp ryggen kom knausar og ulike små-utfordingar på løpande band. Artig! Frå N1 såg vi rett inn i det mektige stupet til Visbreatinden. Her låg virkelig toppen i skuggen av sin storebror! Vi var spente på den gule trekanten som skulle befinne seg opp ryggen like før den toppar ut. Hammaren som møtte oss såg først litt fryktinngytande ut, men den løyste seg greit og opplevdes i grunn ikkje verken vanskelig eller luftig. På toppen møtte vi to karar frå Hardanger som var på >>>

Karta    

Solliknuden

Datum:
09.06.2025
Turtyp:
Fjällvandring
Tidsåtgång:
3:31t
Avstånd:
11,3km

Etter ei helg med bryllup i Kristiansand var det ei perfekt anledning for å bestige ein kommunetopp på veg tilbake til Bergen. Solliknuden utmerka seg som eit godt alternativ der den ligg med enkel adkomst rett ved E39. Vi parkerte ovanfor Lundheim folkehøgskule og la opp turen som ein rundtur. Opp via Hageskaret og via Heiavatnet på heimturen. Godt merka sti opp skogsterreng som leda opp på eit avkledd platålandskap. På veg opp skogen møtte vi ein gjeng som var ute å jaga saudene sine til fjells. Tok her ein liten omveg utanom stien og klarte å snike oss rundt dei uten å forstyrre gjetinga. God utsikt utover Dalane frå toppen. Ingen vindturbinar i umiddelbar nærhet, men det kunne skimtast tjukt med turbinar i horisonten mot kysten. Nede ved Heiavatnet var det lagd til eit flott område >>>

Karta    

Sokse

Datum:
31.05.2025
Turtyp:
Randonnée/Telemark
Tidsåtgång:
6:06t
Avstånd:
14,7km

Fekk med Silje, Magnar og Rasmus på en tur over til Sognefjellet. Magnar og Rasmus skulle i 40-års kalas på kvelden, so det vart tidlig avreise klokka 5 frå Hornindal for å nå heim i tide. Klokka 8 var vi klare for avmarsj mot Leirbreen og Sokse. Vi var første bil på parkeringa ved brua nedafor Krossbu, så dette lova godt! Snøen låg akkurat slik at det fortsatt var mogleg å gå på ski frå vegen no siste dag i mai. Det gjekk radigt opp til Leirbreen. Rasmus og Magnar holdt fortroppen og praten gjekk laust om "ka dei kan ha på tapp på Krossbu". Tonje var godt inn i første trimester, så ho hang litt bak med morgenkvalme, men klarte å skjule det for resten av gruppa. Oppe på breen var vi aleine foruten om ein einsleg skiløpar som passerte under Skeie. Deilig å vere >>>

Karta    

Ljøbrekka

Datum:
18.05.2025
Turtyp:
Fotvandring
Tidsåtgång:
3:21t
Avstånd:
11,2km

Tur over Ljøbrekka saman med Tonje, Silje og ho mor. Etter hårnålsvingane fulgte vi stien over Båsenibba. Eg jogga også ein tur bortom Kjerringane. Stien over Båsenibba gjekk tidvis langs den stupbratte sida mot Sunnylvsfjorden, med god utsikt mot Geirangerfjorden og fjella rundt.

Karta