Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Høge Stang

Date:
28.07.2025
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
2:52h
Distance:
22.8km

Kommunetoppen i Aremark Vi tok med oss sykkel frå hytta på Hvaler og kjørte i retning Halden. Parkerte langs Bjørkebekkveien like etter Remnevannet. Fra her går det skogsveg inn mot Høge Stang. Skogsvegen er sperra med bom, men sykkel egna seg godt. Det skal også gå blåmerka sti inn til Høge Stang som startar eit par hundre meter lenger aust langs Bjørkebekkveien. Vi sykla ca. 5 km innover vegen før vi tok av på ein sideveg. Etter eit par hundre meter traff vi den blåmerka stien som kryssar vegen. Her parkerte vi syklane og fortsatte til fots. Etter knappe 2 km langs den blåmerka stien nådde vi Høge Stang. På toppen var det ein varde med norsk flagg, og eit skilt som viste retningar for den blåmerka stien. Tilbake ved syklane var planen å sykle vidare mot kommunetoppen i Halden, >>>

Map    

Toåsen

Date:
25.07.2025
Characteristic:
Walk
Duration:
0:37h
Distance:
2.8km

Toppen av Nesodden På vei til hytta på Hvaler tok vi en kjapp tur til Nesodden sin kommunetopp, Toåsen. Parkerte bilen på ein innfartsparking, og gikk rett inn i skogen her ifra. Skogen var full av stiar, så her var det berre å velge en sti i riktig retning. Holdt først litt sørlig retning for å runde ei myr som låg mellom oss og toppen, før vi peila oss inn rett mot toppen. På toppen sto det ein antenneinstallasjon. Ellers var det lite utsikt, da det var skog i alle rettninar. Tilbake på parkeringsplassen etter ca. 40 minutt, med en enkel kommunetopp i boks.

Map    

Slettmarkpiggen

Date:
18.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:28h
Distance:
24.7km

Årets avstikkar frå Vinjerock Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen. Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng. Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen. I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.

Map    

Trollsteineggje++

Date:
07.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
37.7km
Map    

Fuglafjellet

Date:
01.09.2024
Duration:
7:34h
Distance:
22.0km
Map    

Rokkjen ad Søraust-Eggja

Date:
06.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
12.6km

Ad Søraust-Eggja Det var på tide å introdusere Tonje for turen opp søraust-eggja på sjølvaste Honndalsrokken. Turen følge normalruta inn til Blåvatnet og opp renna til ryggen mellom Honndalsrokken og Sætrenibba. Vidare sikta vi oss inn rett mot Honndalsrokken, i staden for å skråe rundt toppen. Ved foten av Honndalsrokken møter vi ein hammar som vi må klyve. Klyvinga er enkel, men eksponert på enkelte punkt. Tonje tykte det var lett. Tøffing. På toppen var det mange som nytte lunsjen sin nedom varden. Dei lurte på kvar i alle dager slags veg vi kom opp. Etter ei god pause på toppen følgde vi normal vegen ut igjen til Honndalssætra. Klokka inn på 5 timar blank.

Map    

Muen

Date:
05.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:26h
Distance:
4.4km

Ringebu sin høgste Etter å ha besøkt Gitvola i Løten køyrde vi opp Østerdalen. Det blei eit stopp med Storelgen i Stor-Elvdal, og eit ladestopp i Koppang før vi tok av frå Østerdalen mot Folldal/Ringebu, og seinare mot Ringebu over Venabygdsfjellet. Etter kvart kom Muen til syne langs vegen. Det gikk mange trakk innover fra parkeringa mot toppen. Alle trakka enda stort sett opp i den same stien. I den siste oppstigninga mot toppen går stien over i steinur. Her møtte vi en mann som såg ut til å slite noke voldsomt med å ta seg opp steinura då han omtrent gikk på alle fire(Han såg ut som en Amerikanar). Vi såg han og på returen, og då hadde han gitt seg på bestigningsprosjektet og snudd tilbake mot parkeringa. Sikkert ikkje lett å ta seg fram i steinur dersom en er vekst opp på prærien.

Map    

Gitvola

Date:
05.08.2024
Characteristic:
Hike
Distance:
3.1km

Løten sin høgste Etter gårsdagens tur til Barlindåsen og overnatting på Hamar køyrde vi til Gitvola parkering. Fin sti fra parkeringa, og godt tilrettelagt med kloppar til å passere ei myr like før toppen. På toppen var det eit utsiktstårn som ein kunne speide utover Hedemarksvidda frå. Lokalt skal fjellet i tidligere tider ha vert kjent som tidligere Bloksberg, men vi møtte ingen hekser på toppen. Etter vi kom tilbake til bilen fortsatte vi mot Elverum og opp Østerdalen for å besøke Muen på Venabygdsfjellet.

Map    

Barlindåsen

Date:
04.08.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
1:50h
Distance:
7.6km

Rælingen sin høgste Delte opp reisa frå Hvaler til Honndalen i to etappar med overnatting på Hamar. Under første etappe stoppa vi i Marikollen for å bestige Rælingen sin kommunetopp, Barlindåsen. Vi gikk først innom Ramstadslottet slik at det var ein rundtur. Ramstadslottet var eit bedre utsiktspunkt enn Barlindåsen. På Barlindåsen møtte vi ein hoggorm som pilte inn i eit hol i bakken like ved postkassa som stod på toppen. Etter overnatting på Hamar besteig vi neste dag Gitvola og Muen .

Map    

Østento

Date:
03.08.2024
Duration:
0:32h
Distance:
2.7km

Fredrikstad sin kommunetopp Etter besøket til Bankerødkollen på Hvaler køyrde vi vidare mot Fredrikstad sin høgste topp, Østento. Vi parkerte ved avkjørselen til Onsøy JFF si skytebane, og traska vidare til neste avkjørsel på Vikaneveien. Opp denne avkjørselen kom vi til ein gård. Ved gården tok vi inn til venstre på ein gammal kjerreveg som førte opp mot Østento. Vi gjekk først til Østento Nord kor det ein gong i tida sto eit tysk utkikstårn. Dette er punktet som er registrert som høgste punkt i Fredrikstad på Peakbook. Vidare jogga vi til Østentorøysa, som er omtrent like høg som Østento Nord, før vi jogga tilbake til bilen.

Map