Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Høgenipa

Date:
21.12.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:37h
Distance:
12.1km

500 PF topp på årets kortaste dag Med vinteren som enda let vente på seg åpna muligheten seg for å bestige nok en 500 pf topp uten ski før jul. Parkerte bilen ved anleggsvegen som fører opp til bekkeinntaket for Markåni elvekraftverk, då planen var å returnere ned her. Starta turen ved å spasere ca. 600 meter langs bilvegen tilbake mot E16. Frå her gjekk det ein bratt traktorveg opp 350 høgdemeter mot Dalseidstølen. Siste 50 høgdemeterane gjekk på sti. Vidare sikta eg meg inn mot Kvigedalsegga opp bratte grasbakkar mellom isdekka sva. Like før toppen kika den lave desembersola fram. Frå Kvigedalsegga måtte eg peile meg inn på eit hjøl (bomma først på dette og måtte gå tilbake) som tok meg ned til elvemunningen på Nedre Krokavatnet. Herfrå runda eg vatnet på nordsida med >>>

Map    

Våganipen

Date:
07.12.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:07h
Distance:
8.9km

Vinteren drog igjen omtrent like raskt som den kom, også eit stykke oppover i fjella. Etter å ha speida mot Bjørnafjorden frå Ulriken dagen i forvegen og konstatert at snøgrensa låg høgt bestemte eg meg for å sikte meg ut ein ny pf. 500 topp i Fusa. Våganipen vart dagens mål. Eg valgte å gå turen via Hjortedalen då det var det nærmaste startpunktet frå Bergen. God parkering med plass til nokre bilar ved startpunktet. Turen starta med eit par hundre meter på traktorveg fram til ein lunneplass. Like ved lunneplassen traff eg på ein kjentmann som fortalte meg om turen vidare opp. Han fortalte at det var svært bratt når en nærma seg toppen, og at en der kunne risikere å måte gå på alle fire. Spennande! Etter lunneplassen bar det opp i eit hogstfelt. Her rota eg meg inn i eit >>>

Map    

Hauggjelsvarden Sør

Date:
17.09.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
2:47h
Distance:
10.4km

Byfjellenes høyeste punkt Hausten har satt inn for fullt, og tida for fotturar til våre høgste toppar er over for i år. Det minkar også på kommunetoppar i nærheten av Bergen som ikkje er besteget. Ein kveld eg sat å surfa Peakbook kom eg over lista "Sør-Norge ≥ 500m pf". På denne lista var det mange nye toppar som kunne gje ein inspirasjons-boost til å fortsette å utforske fjella i landet vårt. Det låg faktisk en topp "rett bak" leiligheta vår på Landås! Toppen blei besteget etter jobb, via "Sikksakken" og "Indianerstien". Nådde toppen i skumringa, med utsikt tilbake mot Ulriken. Retur via korketrekkeren og ned til Sollien. Første topp på lista var enkel, men det spørs om eg nokon gong blir ferdig med denne lista. Uansett er det kjekt >>>

Map    

Høgestang

Date:
28.07.2025
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
2:52h
Distance:
22.8km

Kommunetoppen i Aremark Vi tok med oss sykkel frå hytta på Hvaler og kjørte i retning Halden. Parkerte langs Bjørkebekkveien like etter Remnevannet. Fra her går det skogsveg inn mot Høge Stang. Skogsvegen er sperra med bom, men sykkel egna seg godt. Det skal også gå blåmerka sti inn til Høge Stang som startar eit par hundre meter lenger aust langs Bjørkebekkveien. Vi sykla ca. 5 km innover vegen før vi tok av på ein sideveg. Etter eit par hundre meter traff vi den blåmerka stien som kryssar vegen. Her parkerte vi syklane og fortsatte til fots. Etter knappe 2 km langs den blåmerka stien nådde vi Høge Stang. På toppen var det ein varde med norsk flagg, og eit skilt som viste retningar for den blåmerka stien. Tilbake ved syklane var planen å sykle vidare mot kommunetoppen i Halden, >>>

Map    

Toåsen

Date:
25.07.2025
Characteristic:
Walk
Duration:
0:37h
Distance:
2.8km

Toppen av Nesodden På vei til hytta på Hvaler tok vi en kjapp tur til Nesodden sin kommunetopp, Toåsen. Parkerte bilen på ein innfartsparking, og gikk rett inn i skogen her ifra. Skogen var full av stiar, så her var det berre å velge en sti i riktig retning. Holdt først litt sørlig retning for å runde ei myr som låg mellom oss og toppen, før vi peila oss inn rett mot toppen. På toppen sto det ein antenneinstallasjon. Ellers var det lite utsikt, da det var skog i alle rettninar. Tilbake på parkeringsplassen etter ca. 40 minutt, med en enkel kommunetopp i boks.

Map    

Slettmarkpiggen

Date:
18.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:28h
Distance:
24.7km

Årets avstikkar frå Vinjerock Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen. Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng. Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen. I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.

Map    

Sokse

Date:
31.05.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
6:06h
Distance:
14.7km
Map    

Ljøbrekka

Date:
18.05.2025
Characteristic:
Hike
Duration:
3:21h
Distance:
11.2km

Tur over Ljøbrekka saman med Tonje, Silje og ho mor. Etter hårnålsvingane fulgte vi stien over Båsenibba. Eg jogga også ein tur bortom Kjerringane. Stien over Båsenibba gjekk tidvis langs den stupbratte sida mot Sunnylvsfjorden, med god utsikt mot Geirangerfjorden og fjella rundt.

Map    

17. Mai på Bjørkenibba

Date:
17.05.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:53h
Distance:
13.9km

Tur til Bjørkenibba på sjølvaste 17. Mai saman med Tonje og Silje. Parkerte på Reset i Hjortedalen og måtte bære skia inn nesten heile Blåbredalen. Upåklaglig utsikt frå toppen og godt føre nedatt.

Map    

Skredfjellet

Date:
16.05.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:17h
Distance:
7.8km

Kommunetoppen i Fjaler Vi tok ein avstikkar til Skredfjellet på veg heim til 17. Mai feiring heime i Hornindal. Vi køyrde bomveg opp til Storedalen. Bomvegen starta frå E39 ca. 1,5 km før Sande. Grusveg av god standard, med nokre bratte parti. Frå vegen fulgte vi tydelig sti vidare opp Storedalen. Stien vart etterkvart meir utydelig og vi forvilla oss tidvis inn på dyretrakk. I stigninga opp mot Storedalsskardet dreia vi av vestover mot Skredfjellet. Etter ca. 150 høgdemeter kom vi oppå eit kuppert platå som førte oss vidare mot toppen. Her åpna utsikta seg til alle kantar. Ordentlig sommarstemning på toppen med blå himmel og t-skjorte temperatur. Returen la vi i meir direkte retning tilbake mot bilen.

Map