Archive - Date
Archive - Activity
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (3)
- Randonnée/Telemark (5)
-
Trip by foot (30)
- Alpine trip (1)
- Hike (4)
- Hillwalk (25)
Peakbook-Friends
Runderabben
- Date:
- 24.09.2023
- Duration:
- 5:04h
- Distance:
- 18.5km
Kommunetoppen i Modalen.
Vi gikk til Runderabben i fra Stølsvatnet. Dei fyrste 4km gikk på anleggsvei som slynga seg mellom vatn, bekkar, demningar og bekkeinntak. Det hadde nok vært mulig å køyre lenger opp denne vegen enn kva vi gjorde, men vi var jo her tross alt for turen sin del.
Vidare følgde vi merkt DNT sti mot stikrysset kor ein kan gå mot Norddalshytta eller Solrenningen. Her gikk vi mot Solrenningen eit lite stykke før det var skilta mot Runderabben.
Vardar med blå merker viste oss vegen vidare mot toppen. På toppen var det skarp haustluft, og spor av at vinteren allerede hadde vert på ein snarvisitt. Vi naut utsikta ei lita stund, før vi starta på heimturen.
Tilbake ved Stølsvatnet etter 5 timar på tur.
Skjerjavasshovden
- Date:
- 17.09.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:07h
- Distance:
- 10.6km
Kommunetoppen i Vaksdal.
Tur til Skjerjavasshovden i nydelig haustvêr saman med Tonje.
Vi køyrde mot Gullbrå øverst i Eksingedalen, og følgde Holskarvegen fra Søtskarsbrekke.
Her var det skilta om fare for kø grunna sauesanking.
Vi parkerte langs vegen etter vi hadde passert et område der det var skilta om rasfare.
Herifrå satt vi kursen mot Heimste Belaskaret. Terrenget vart meir lettgått etterkvart som myr vart gradvis erstatta med sva og fjellterreng.
Etter nedstigninga fra skaret kunne vi hoppe tørrskodd fra stein til stein over det smalaste partiet på Lonevågen. Etter en bratt bakke som førte oss opp på en rygg, fortsatte ryggen i jevn stigning til vi stod på toppen av Skjærjavasshovden.
Varden på toppen var solid, og utsikta var vid.
Vi nytte kvar vår kopp kaffi og litt kvikk >>>
Sørdalsnuten
- Date:
- 09.09.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:05h
- Distance:
- 21.8km
Kommunetoppen i Alver.
Ettermiddagstur i Stølsheimen til Alver sitt høgste punkt.
Starta frå Dyrkolbotnen og fulgte råsa mot Skavlabu.
Litt før Heimsta Sørdalsvatnet tok vi av frå råsa og fulgte ryggen opp til Instebotnsknolten.
Vidare frå Instebotnsknolten gikk vi mot sør-aust og kom inn att på råsa til Sørdalsnuten ovanfor Djupavatnet. Frå Sørdalsnuten hadde vi utsikt ned mot Romarheimsfjorden og over til Osterøy.
Retur via råsa til krysset ved Heimsta Sørdalsvatnet og tilbake til Dyrkolbotnen.
Takk for turen!
Tverrådalskyrkja
- Date:
- 02.09.2023
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 9:49h
- Distance:
- 24.1km
Familietur i Breheimen
Vi hadde lenge snakka om en familietur til Tverrådalskyrkja. Denne helga var det meldt bra vêr, så eg tok turen heim i frå Bergen fredagen. Laurdag morgon var vi klar for tur over Strynefjellet. Med på turen var mor, far, Silje, Britt og Hedda.
Ankomst Sota Sæter rundt halv 10, litt seinare enn kva eg foretrekk, men det fekk stå til.
Det gikk radig opp skogen bak Sota frem til Steindalen kor vi tok vår fyrste rastepause.
Steindalen starta med lettgått terreng på berg og stabile steinar. Etterkvart som vi passerte Styggvatnet og nærma oss Fortundalsbreen vart steinane meir ustabilie og vi måtte være litt meir forsiktige med kor vi satt føta.
Fortundalsbreen var avsmelta og vi kunne ikkje sjå sprekker anna enn i midtpartiet kor det rann ei breelv. Vi vurderte >>>