Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Malmangernuten

Date:
08.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:34h
Distance:
8.0km

Hausttur i Rosendalsalpane. Del 1: Melderskin Del 2: Malmangernuten Etter å ha vert på Melderskin fann eg ut at vêret var for fint til å berre køyre tilbake til Bergen att. Valde derfor å ta ein tur opp om Malmangernuten. Herifra var det flott utsikt tilbake mot Melderskin, og utover fjorden. Tok også ein tur fram ryggen der ein kunne sjå ned til Rosendal og Baroniet.

Map    

Melderskin

Date:
08.10.2023
Characteristic:
Hike
Duration:
4:50h
Distance:
10.4km

Hausttur i Rosendalsalpane. Del 1: Melderskin Del 2: Malmangernuten Hadde egentlig planlagt en travers over Gygrastolen før vinteren slo inn, men sidan ingen turkameratar hadde høve til å være med denne dagen måtte eg leite etter alternativ. Med strålande vêrmeldingar fall valget på Melderskin. Køyrde tidleg frå Bergen for å rekke 07:45 ferja frå Gjermundshamn. Trollsk stemning gjennom Fusa i det natta gjekk over til tussmørke og vidare over til dag. Starta turen frå Kletta ovanfor Rosendal. Første par hundre meterane gjekk på grusveg, før turen gjekk bratt oppover skogen mot Melderskin. I det eg bikka kanten kom sola til syne, og eg fekk flott utsikt utover Rosendal og mot Ulvanosi. Vidare fulgte eg den raudmerka stien til foten av fortoppen til Melderskin. Herifra gjekk eg opp på fortoppen, og fulge >>>

Map    

Punkt på Årsdalsryggen

Date:
01.10.2023
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:40h
Distance:
21.9km

Kommunetoppen i Masfjorden. Tur til Masfjorden sitt høgste punkt i nydelige haustfargar. Turen starta frå Stordalen fjellstove kor vi følgde merka DNT sti mot Fjellvassbu og vidare mot Vardadalsbu. Det hadde regna natta i forvegen så det skulle vise seg litt utfordrande å komme seg over bekkane vi måtte passere langs Bukkedalsvatnet. Med litt flaks og bruk av balansekunster klarte vi å komme oss nokolunde tørrskodd over dei alle. Vidare opp mot Gygrebotnen begynte virkelig haustfargane å vise seg fram. Flott terreng å bevege seg igjennom i den friske fjellufta. Frå Gygrabotnen venta ei stigning opp mot Fjellvassbu. Vi kunne no sjå Årsdalsryggen på andre sida av fjellplatået som vi skulle passere. På Fjellvassbu kunne det meldast om god fyr i peisen. Det såg rett og slett koselig >>>

Map