Sokse (31.05.2025)


Start point Krossbu (1,262m)
Endpoint Krossbu (1,252m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 06min
Distance 14.7km
Vertical meters 1,098m
GPS

Sokse

Fekk med Silje, Magnar og Rasmus på en tur over til Sognefjellet. Magnar og Rasmus skulle i 40-års kalas på kvelden, så det vart avreise klokka 5 frå Hornindal for å nå heim i tide.

Klokka 8 var vi klare for avmarsj mot Leirbreen og Sokse. Vi første bil på parkeringa ved brua nedafor Krossbu, så dette lova godt. Snøven låg slik at et fortsatt var mogleg å gå på ski frå vegen siste dag i mai.

Det gjekk radigt opp til breen. Rasmus og Magnar holdt fortroppen og praten gjekk om "lure på ka dei har på tapp på Krossbu". Tonje var godt inn i første trimester, så ho hang litt bak med morgenkvalme, men klarte å skjule det for resten av gruppa.



Oppe på breen var vi aleine foruten om en einslig skiløpar som passerte under Skeie. Deilig å være tidig ute! Det låg eit tynt skydekke over breen, men tindane rundt stakk opp mot blå himmel.

Silje kunne skimte Sokse som vi skulle på, og byrja å bli skeptisk på kor dette skulle gå. Det såg bratt ut. Ho vart ikkje mindre skeptisk i det vi møtte en gjeng Tindevegledar aspirantar ved foten av Sokse som kom ned i 3-manns taulag. Eg forsikra ho om at dei var nok berre ute på samling for å øve seg, og at dei fleste går opp her utan taulag ved gode forhold som i dag.



Vi parkerte skia ovanfor Bjørneskaret og leita fram stegjern og isøks. Tonje sine stegjern gjekk ikkje å stille ned til å bli små nok til å passe på skoa hennar. Klassisk tabbe å ikkje teste ut utstyret før ein treng det. Vi var heldigvis løysningsorienterte og bytte stegjern, då mine stegjern gjekk å stille ned til hennar størelse. Etter litt kjappe justeringar var vi klare.

Rett ovanfor der vi parkerte skia kom eit lite crux. Her låg det berre eit tynt lag med snø på eit litt bratt kort sva, så her måtte ein finne gode tak til stegjerna i ei sprekke og klyve opp.



Vidare bar det inn i traversen over til renna som fører opp til skaret mellom dei to kloene på Sokse. Gode spor å gå i.

Opp renna bratna det til, men med snødekke som var mjukt i toppen var det ingen problem å komme seg opp.

Ganske rått i det ein bikka toppen av skaret og fekk Galdhøpigg massivet midt i mot.



User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.