Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Høgenipa

Date:
21.12.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:37h
Distance:
12.1km

500 PF topp på årets kortaste dag Med vinteren som enda let vente på seg åpna muligheten seg for å bestige nok en 500 pf topp uten ski før jul. Parkerte bilen ved anleggsvegen som fører opp til bekkeinntaket for Markåni elvekraftverk, då planen var å returnere ned her. Starta turen ved å spasere ca. 600 meter langs bilvegen tilbake mot E16. Frå her gjekk det ein bratt traktorveg opp 350 høgdemeter mot Dalseidstølen. Siste 50 høgdemeterane gjekk på sti. Vidare sikta eg meg inn mot Kvigedalsegga opp bratte grasbakkar mellom isdekka sva. Like før toppen kika den lave desembersola fram. Frå Kvigedalsegga måtte eg peile meg inn på eit hjøl (bomma først på dette og måtte gå tilbake) som tok meg ned til elvemunningen på Nedre Krokavatnet. Herfrå runda eg vatnet på nordsida med >>>

Map    

Våganipen

Date:
07.12.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:07h
Distance:
8.9km

Vinteren drog igjen omtrent like raskt som den kom, også eit stykke oppover i fjella. Etter å ha speida mot Bjørnafjorden frå Ulriken dagen i forvegen og konstatert at snøgrensa låg høgt bestemte eg meg for å sikte meg ut ein ny pf. 500 topp i Fusa. Våganipen vart dagens mål. Eg valgte å gå turen via Hjortedalen då det var det nærmaste startpunktet frå Bergen. God parkering med plass til nokre bilar ved startpunktet. Turen starta med eit par hundre meter på traktorveg fram til ein lunneplass. Like ved lunneplassen traff eg på ein kjentmann som fortalte meg om turen vidare opp. Han fortalte at det var svært bratt når en nærma seg toppen, og at en der kunne risikere å måte gå på alle fire. Spennande! Etter lunneplassen bar det opp i eit hogstfelt. Her rota eg meg inn i eit >>>

Map    

Slettmarkpiggen

Date:
18.07.2025
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:28h
Distance:
24.7km

Årets avstikkar frå Vinjerock Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen. Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng. Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen. I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.

Map    

Trollsteineggje++

Date:
07.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
37.7km

Årets siste tur til Jotunheimen starta frå Veodalen parkering etter ein køyretur i soloppgang over Strynefjellet. Hadde ikkje vert i området her tidligare, men kunne hugse å ha sett ei stilig høgtliggande egg nedanfor Glittertind på skituren over 2000 meterane på Lomseggja ( Lomseggje 2000'metere på ski ) tidligare i år og frå skituren til Kvitingskjølane i fjor ( Kvitingskjølane ). Eg hadde ikkje bestemt meg for eksakt rute, men heller å sjå an formen undervegs. Etter å ha spasert innover Trollsteinkvelven i nydelig og veldig lettgått terreng nådde eg urda som eg skulle tilbringe mykje av dagen vidare i. Frå her sto valget om å ta turen oppom Grjotbreahesten eller la den stå igjen til seinare. Eg vurderte det som lite trulig at eg kom til å orke å gå opp på den seinare på dagen, så for å unngå at den blei ståande >>>

Map    

Fuglafjellet

Date:
01.09.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:34h
Distance:
22.0km

September måned starta med blå himmel, og vi tenkte å bruke dagen til å bestige Fuglafjellet. Eg hadde vert i 30. års kalas dagen før, men avslutta kvelden i fornuftig tid for å kunne nyte søndagen. Vi hadde vert på veg mot Fuglafjellet på ski frå Hamlagrøvatnet vinteren året før saman med Silje og Magnar, men grunna litt surt vêr vart det heller lagt om til ein søndagsskitur til Vendingen. Turen denne dagen gjekk frå Kvamskogen. Vi parkerte ved ein gammal skiheis, kor også ei rute til Vendingen starta. Første 5 kilometrane inn Steinkvanndalen gjekk på grusveg. Her hadde det vert fint med sykkel, i alle fall på returen! Ved Øvrekvanndalen gjekk grusvegen over i sti. Vi fulgte hoved stien mot Vendingen i ca. 5-600 meter før vi tok av på ein annan sti som gikk bratt oppover >>>

Map    

Rokkjen ad Søraust-Eggja

Date:
06.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:00h
Distance:
12.6km

Ad Søraust-Eggja Det var på tide å introdusere Tonje for turen opp søraust-eggja på sjølvaste Honndalsrokken. Turen følge normalruta inn til Blåvatnet og opp renna til ryggen mellom Honndalsrokken og Sætrenibba. Vidare sikta vi oss inn rett mot Honndalsrokken, i staden for å skråe rundt toppen. Ved foten av Honndalsrokken møter vi ein hammar som vi må klyve. Klyvinga er enkel, men eksponert på enkelte punkt. Tonje tykte det var lett. Tøffing. På toppen var det mange som nytte lunsjen sin nedom varden. Dei lurte på kvar i alle dager slags veg vi kom opp. Etter ei god pause på toppen følgde vi normal vegen ut igjen til Honndalssætra. Klokka inn på 5 timar blank.

Map    

Muen

Date:
05.08.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:26h
Distance:
4.4km

Ringebu sin høgste Etter å ha besøkt Gitvola i Løten køyrde vi opp Østerdalen. Det blei eit stopp med Storelgen i Stor-Elvdal, og eit ladestopp i Koppang før vi tok av frå Østerdalen mot Folldal/Ringebu, og seinare mot Ringebu over Venabygdsfjellet. Etter kvart kom Muen til syne langs vegen. Det gikk mange trakk innover fra parkeringa mot toppen. Alle trakka enda stort sett opp i den same stien. I den siste oppstigninga mot toppen går stien over i steinur. Her møtte vi en mann som såg ut til å slite noke voldsomt med å ta seg opp steinura då han omtrent gikk på alle fire(Han såg ut som en Amerikanar). Vi såg han og på returen, og då hadde han gitt seg på bestigningsprosjektet og snudd tilbake mot parkeringa. Sikkert ikkje lett å ta seg fram i steinur dersom en er vekst opp på prærien.

Map    

Hedemarkstriangelet

Date:
31.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:55h
Distance:
21.4km

Etter å ha ete ein betre frukost på Pellestova køyrde vi på grusveg til Øyungen. Planen var å bestige Hedemarksvidda sine kommunetoppar Tuva, Sørøst for Hemmelkampen og Øst for Kroksjøhøgda i henholdvis Ringsaker, Åmot og Hamar kommune. Vi gikk først til Tuva via Dansaren, Jomfrua og Tjuven. Vidare var vi bortom Taterungskampen før vi kryssa nord for myrområdet mot Hemmelkampen. På Hemmelkampen kokte vi opp lunsj før vi passa på å gå innom Sørøst for Hemmelkampen, som skal være det høgste punktet i Åmot kommune. Ned frå Hemmelkampen begynte den mest strabasiøse delen av turen; ned ei skråning med ein del stein, gjennom tette buskkratt og forbi eit myrparti før vi omsider kom inn på ein sti. Stien leda tilbake til Øyungen og passerte like forbi høgste punktet i Hamar >>>

Map    

Nevelfjell

Date:
30.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:07h
Distance:
9.6km

For å dele opp bilturen fra Honndalen til Hvaler, bestemte vi oss for å ta ei overnatting på Pellestova med bestigning av kommunetoppar i same sleng. Lillehammer sin høgste topp, Nevelfjell, kunne enkelt bestigast frå Pellestova. Det var skilta og god sti heile vegen til toppen. På toppen sto det ei hytte, og ved toppunktet var det ein delvis sammenrast varde. På kartet såg det ut som det gikk å gå en rundtur vidare aust og ned mot Reinsvatnet. Vi kom her inn på ein traktorveg, men som leda vidare inn i myr terreng. Stien som var merka på kartet var sannsynligvis skiløype på vinteren, men ikkje like godt egna for sommartur. Vi kom oss etter litt kaving gjennom myra og tilbake til Pellestova kor vi kjøpte oss en betre middag. Pellestova var forresten en veldig flott overnattingsplass >>>

Map    

Gjegnen

Date:
24.07.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
12:55h
Distance:
28.4km

Dagen starta med tidlig avreise frå Honndalen for å rekke 06:45 ferga frå Stårheim til Isane. Eg, Tonje, mor og far hadde planlagt å bestige Gjegnen. Eg hadde vert der saman med mor og far ein gong før på to dagers tur saman med turlaget. Då var eg 10 år. Planen denne gongen var å ta det som ein lang dagstur. Planlegginga av turen starta kvelden i forvegen ved at far min ringte ein kjenning som hadde nøkkel til bommen i Yksneelvane, og som kunne køyre oss opp dit stien startar ovanfor Nevreskorsvatnet. Returen måtte vi stå for sjølve ved bruk av føttene. Dette sparte oss for 400 høgdemeter, og korta ned turen med 5.5km, noko som gjorde turen overkommelig på ein dag. Ti på åtte takka vi for skyssen, og la i veg oppover mot Minivatnet (Kringsjåvatnet). Stien startar bratt opp >>>

Map