Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Peakbookfreunde

Ich habe mich noch nicht mit anderen Peakbookbenutzern befreundet.

Gesammelte Listen

Slettmarkspiggen

Datum:
18.07.2025
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
6:28h
Entfernung:
24,7km

Årets avstikkar frå Vinjerock Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen. Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng. Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen. I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.

Karte    

Mjølkedalspiggen

Datum:
19.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
9:11h
Entfernung:
24,2km

Avstikkar frå Vinjerock Etter første kvelden på Vinjerock la eg og Magnar ut på tur for å bestige Mjølkedalspiggen, og muligens Sagi. Vi pakka med tau og sikringsutstyr i tilfelle vi skulle nå heilt fram til Sagi, so sekkane vart nokså tunge. Formen var også redusert etter lystig lag kvelden i forvegen. Vêret kunne vi dog ikkje klage på. Det var fantastisk (heile helga!)! Etter eit par spy-pauser langs austsida av Store Mjølkedalsvatnet nådde vi Mjølkedalsbreen og stigninga opp mot piggen. Formen var fortsatt laber etter gårsdagen, og vi var i ferd med å gje opp heile turen. Vi tok ei god pause, og kokte opp litt turmat før vi kvilte middag på svaberga. Sola varma godt, og elva som bruste på sida gjorde det lett å duppa av. Etter en times pause såg vi plutselig en gjeng som >>>

Karte    

Kvannfjølli

Datum:
12.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:29h
Entfernung:
23,3km

Kommunetoppsamling i Austheiane Del 1: Sæbyggjenuten Del 2: Kvannfjølli Etter ei god natts søvn på Berdalsbu fortsatte turen mot Tjørnbrotbu og Kvannfjølli. Etappen til Tjørnbrottbu starta med ei kort oppstigning gjennom bjørkeskog og vidare på godt merka sti gjennom lettgått høgfjells terreng. På Tjørnbrotbu parkerte vi overnattingsutstyr og fortsatte mot Kvannfjølli. Først ca. 4km på merkt sti austover, før vi tok av sørover og starta oppstigninga mot toppen. Frå toppen var det utsikt mot Hardangervidda og Hårteigen i nord. Vi kunne også sjå Hardangerjøkulen i det fjerne. I austleg retning kunne vi sjå mot Gaustadtoppen. Etter eit måltid real turmat returnerte vi til Tjørnbrottbu. Her var det meir folksomt enn dagen før på Berdalsbu. Det var 6 andre gjester på Hovedhytta, og 3 stykker på sikkringshytta.

Karte    

Sæbyggjenuten

Datum:
11.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
8:31h
Entfernung:
22,6km

Kommunetoppsamling i Austheiane Del 1: Sæbyggjenuten Del 2: Kvannfjølli To dagers tur med overnatting på DNT hytter. Første dag gikk turen til Sæbyggjenuten med start frå Berdal. Sekkane blei letta ved Berdalsbu, før vi vandra vidare opp Slækjeskardet. Vi fann trakk her og der vidare mot Ytre Gjuvvatnet, men måtte stort sett stake ut kursen sjølve. Elva mellom Ytre Gjuvvatnet og Midtre Gjuvvatnet måtte vadast til knehøgde. Sokkar og sålar vart lagde i sekken før vi vadde elva med sko på. Bedre med litt våte sko, enn ein skadd fot. Etter passering av elva starta stigninga mot toppen. Utsikta opna seg stadig utover meir terreng. Vi nådde toppen etter rett under 5 timar på tur. Med skodde som kom sigande frå aust var det litt kaldt og surt her oppe, men vi unte oss likevel ei god pause med real turmat og ein >>>

Karte    

Napuren

Datum:
09.07.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
2:59h
Entfernung:
8,5km

Kommunetoppen i Fyresdal. Sommerferien er i gong, og med utgangspunkt ifrå hytta på Hovden blei Napuren feriens første bestigning. Vi parkerte bilen langs Borsævegen, og fulgte sti opp Kuskardet. Vidare gikk stien langs to vatn, før den skråa opp til toppen. Vid utsikt ifrå toppen, perfekt start på ferien!

Karte    

Lammanuten

Datum:
11.05.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:26h
Entfernung:
11,2km

Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn. Del 1: Klauv Del 2: Dyrafjellet Del 3: Lammanuten Del 4: Boknafjellet Etter ei kort ispause på Aksdal fortsatte turen mot Lammanuten, Tyssvær sin høgste topp. Ved turstart var det tilrettelagt parkering. Fyrste halvannen kilometeren gjekk på grusveg. Sola steikte no godt, og allerede i ein av dei fyrste bakkane møtte vi dagens fyrste av mange stålormar. Ormen, eller øgla som den egentleg er, låg på grusvegen og pilte ut i grøfta i det vi kom gåande. Etter grusvegen gjekk det sti opp skogen til vi kom til eit myrparti. Her var det godt tilrettelagt med kloppar som gjorde turen over myrane meget effektiv og behagelig. Etter myrpartia tok stigninga mot toppen til igjen. Her møtte vi fleire stålormar. Ei stund rasla det omtrent i kvar busk vi gjekk forbi. Total såg vi 4 stålormar. >>>

Karte    

Dyrafjellet

Datum:
11.05.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:40h
Entfernung:
2,0km

Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn. Del 1: Klauv Del 2: Dyrafjellet Del 3: Lammanuten Del 4: Boknafjellet Etter turen til Kleiv køyrde vi vidare mot Dyrafjellet. Toppen ligg ikkje ute på Karmøya, men er det høgste punktet i Karmøy kommune. Vi parkerte i ein lomme på E134 ved Toskatjørn. Herifrå var det skilta mot toppen. Stien starta vått over ei myr, men tørka opp etter at myrpartiet var passert. Vi bruka ca. 20 minutt til toppen. På toppen var det eit triogonometrisk punkt, og vi kunne sjå ned til Toskatjørnet. Etter returen køyrde vi til Aksdal og kjøpte oss kvar vår is, før vi satt kursen mot Lammanuten.

Karte    

Klauv

Datum:
11.05.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
0:47h
Entfernung:
2,5km

Kommunetoppane i Haugesund, Karmøy, Tysvær og Bokn. Del 1: Klauv Del 2: Dyrafjellet Del 3: Lammanuten Del 4: Boknafjellet Tur til Haugalandet for å samle kommunetoppar. Fyrste stopp var kommunetoppen i Haugesund, Klauv. Vi følgde turbeskrivelsen frå UT, og parkerte i krysset mot vannverket. Frå her fant vi stien til toppen på nordsida av hovudvegen. Turen til toppen gjekk på tydeleg sti og tok litt over 20 minutt. På toppen var det ein liten varde med ei postkasse og eit norsk flagg. Haugesund låg skjult bak ein fjellås, men vi kunne sjå havet i vest. Vel tilbake ved bilen køyrde vi vidare mot kommunetoppen i Karmøy, Dyrafjellet.

Karte    

Sollia

Datum:
27.03.2024
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:15h
Entfernung:
11,0km

Kommunetoppen i Herøy og Sande. En liten tur ut på Gurskøya for å besøke dei to kommunetoppane som ligg her. Turen starta frå Moltudalen langs grusveg inn til Mørkevatnet. Herifra gikk det sti vidare mot Sollia. På toppen hadde det lagt seg eit lite lag med snøv. Det var knappe 100 meter mellom dei to toppunkta. Frå toppen hadde vi blant anna utsikt bort til toppane i Molladalen. Returen la vi rundt vestsida av Mørkevatnet, over Litledalshornet.

Karte    

Malmangernuten

Datum:
08.10.2023
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
3:34h
Entfernung:
8,0km

Hausttur i Rosendalsalpane. Del 1: Melderskin Del 2: Malmangernuten Etter å ha vert på Melderskin fann eg ut at vêret var for fint til å berre køyre tilbake til Bergen att. Valde derfor å ta ein tur opp om Malmangernuten. Herifra var det flott utsikt tilbake mot Melderskin, og utover fjorden. Tok også ein tur fram ryggen der ein kunne sjå ned til Rosendal og Baroniet.

Karte