Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (40)
- Bergtour (32)
- Hochtour (1)
- Spaziergang (1)
- Wanderung (6)
-
Skitour (8)
- Randonnée/Telemark (5)
- Tourenskilauf (3)
Peakbookfreunde
Rokkjen ad Søraust-Eggja
- Datum:
- 06.08.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:00h
- Entfernung:
- 12,6km
Ad Søraust-Eggja
Det var på tide å introdusere Tonje for turen opp søraust-eggja på sjølvaste Honndalsrokken.
Turen følge normalruta inn til Blåvatnet og opp renna til ryggen mellom Honndalsrokken og Sætrenibba. Vidare sikta vi oss inn rett mot Honndalsrokken, i staden for å skråe rundt toppen.
Ved foten av Honndalsrokken møter vi ein hammar som vi må klyve. Klyvinga er enkel, men eksponert på enkelte punkt.
Tonje tykte det var lett. Tøffing.
På toppen var det mange som nytte lunsjen sin nedom varden. Dei lurte på kvar i alle dager slags veg vi kom opp.
Etter ei god pause på toppen følgde vi normal vegen ut igjen til Honndalssætra. Klokka inn på 5 timar blank.
Muen
- Datum:
- 05.08.2024
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 1:26h
- Entfernung:
- 4,4km
Ringebu sin høgste
Etter å ha besøkt Gitvola i Løten køyrde vi opp Østerdalen. Det blei eit stopp med Storelgen i Stor-Elvdal, og eit ladestopp i Koppang før vi tok av frå Østerdalen mot Folldal/Ringebu, og seinare mot Ringebu over Venabygdsfjellet. Etter kvart kom Muen til syne langs vegen.
Det gikk mange trakk innover fra parkeringa mot toppen. Alle trakka enda stort sett opp i den same stien.
I den siste oppstigninga mot toppen går stien over i steinur. Her møtte vi en mann som såg ut til å slite noke voldsomt med å ta seg opp steinura då han omtrent gikk på alle fire(Han såg ut som en Amerikanar). Vi såg han og på returen, og då hadde han gitt seg på bestigningsprosjektet og snudd tilbake mot parkeringa. Sikkert ikkje lett å ta seg fram i steinur dersom en er vekst opp på prærien.
Gitvola
- Datum:
- 05.08.2024
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 3,1km
Løten sin høgste
Etter gårsdagens tur til Barlindåsen og overnatting på Hamar køyrde vi til Gitvola parkering. Fin sti fra parkeringa, og godt tilrettelagt med kloppar til å passere ei myr like før toppen.
På toppen var det eit utsiktstårn som ein kunne speide utover Hedemarksvidda frå.
Lokalt skal fjellet i tidligere tider ha vert kjent som tidligere Bloksberg, men vi møtte ingen hekser på toppen.
Etter vi kom tilbake til bilen fortsatte vi mot Elverum og opp Østerdalen for å besøke Muen på Venabygdsfjellet.
Barlindåsen
- Datum:
- 04.08.2024
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:50h
- Entfernung:
- 7,6km
Rælingen sin høgste
Delte opp reisa frå Hvaler til Honndalen i to etappar med overnatting på Hamar. Under første etappe stoppa vi i Marikollen for å bestige Rælingen sin kommunetopp, Barlindåsen.
Vi gikk først innom Ramstadslottet slik at det var ein rundtur. Ramstadslottet var eit bedre utsiktspunkt enn Barlindåsen.
På Barlindåsen møtte vi ein hoggorm som pilte inn i eit hol i bakken like ved postkassa som stod på toppen.
Etter overnatting på Hamar besteig vi neste dag Gitvola og Muen .
Østento
- Datum:
- 03.08.2024
- Tourlänge:
- 0:32h
- Entfernung:
- 2,7km
Fredrikstad sin kommunetopp
Etter besøket til Bankerødkollen på Hvaler køyrde vi vidare mot Fredrikstad sin høgste topp, Østento. Vi parkerte ved avkjørselen til Onsøy JFF si skytebane, og traska vidare til neste avkjørsel på Vikaneveien.
Opp denne avkjørselen kom vi til ein gård. Ved gården tok vi inn til venstre på ein gammal kjerreveg som førte opp mot Østento.
Vi gjekk først til Østento Nord kor det ein gong i tida sto eit tysk utkikstårn. Dette er punktet som er registrert som høgste punkt i Fredrikstad på Peakbook.
Vidare jogga vi til Østentorøysa, som er omtrent like høg som Østento Nord, før vi jogga tilbake til bilen.
Bankerødkollen
- Datum:
- 03.08.2024
- Tourlänge:
- 0:18h
- Entfernung:
- 1,1km
Kommunetoppen i Hvaler
Køyrde frå Kirkøy mot Fredrikstad, og tok av til venstre like før bensinstasjonen på Vesterøy. Etter to svinagar parkerte vi på venstre side av vegen ved bommen som sperrar vegen opp til Bankerødkollen.
Frå her var det ikkje lange turen opp til Hvaler sitt høgste punkt. Frammafor toppen var det eit vasstårn, og på sjølve toppunktet var det ein liten varde. Var tilbake ved bilen igjen etter mindre enn 20 minutt, inkludert litt sightseeing på toppen.