Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Ski trip (9)
- Backcountry skiing (3)
- Randonnée/Telemark (6)
-
Trip by foot (45)
- Alpine trip (1)
- Hike (8)
- Hillwalk (35)
- Walk (1)
Peakbook-Friends
Høgenipa
- Date:
- 21.12.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:37h
- Distance:
- 12.1km
500 PF topp på årets kortaste dag
Med vinteren som enda let vente på seg åpna muligheten seg for å bestige nok en 500 pf topp uten ski før jul.
Parkerte bilen ved anleggsvegen som fører opp til bekkeinntaket for Markåni elvekraftverk, då planen var å returnere ned her.
Starta turen ved å spasere ca. 600 meter langs bilvegen tilbake mot E16. Frå her gjekk det ein bratt traktorveg opp 350 høgdemeter mot Dalseidstølen. Siste 50 høgdemeterane gjekk på sti.
Vidare sikta eg meg inn mot Kvigedalsegga opp bratte grasbakkar mellom isdekka sva.
Like før toppen kika den lave desembersola fram.
Frå Kvigedalsegga måtte eg peile meg inn på eit hjøl (bomma først på dette og måtte gå tilbake) som tok meg ned til elvemunningen på Nedre Krokavatnet.
Herfrå runda eg vatnet på nordsida med >>>
Våganipen
- Date:
- 07.12.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 3:07h
- Distance:
- 8.9km
Vinteren drog igjen omtrent like raskt som den kom, også eit stykke oppover i fjella. Etter å ha speida mot Bjørnafjorden frå Ulriken dagen i forvegen og konstatert at snøgrensa låg høgt bestemte eg meg for å sikte meg ut ein ny pf. 500 topp i Fusa. Våganipen vart dagens mål.
Eg valgte å gå turen via Hjortedalen då det var det nærmaste startpunktet frå Bergen. God parkering med plass til nokre bilar ved startpunktet.
Turen starta med eit par hundre meter på traktorveg fram til ein lunneplass. Like ved lunneplassen traff eg på ein kjentmann som fortalte meg om turen vidare opp. Han fortalte at det var svært bratt når en nærma seg toppen, og at en der kunne risikere å måte gå på alle fire. Spennande!
Etter lunneplassen bar det opp i eit hogstfelt. Her rota eg meg inn i eit >>>
Hauggjelsvarden Sør
- Date:
- 17.09.2025
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 2:47h
- Distance:
- 10.4km
Byfjellenes høyeste punkt
Hausten har satt inn for fullt, og tida for fotturar til våre høgste toppar er over for i år. Det minkar også på kommunetoppar i nærheten av Bergen som ikkje er besteget. Ein kveld eg sat å surfa Peakbook kom eg over lista "Sør-Norge ≥ 500m pf". På denne lista var det mange nye toppar som kunne gje ein inspirasjons-boost til å fortsette å utforske fjella i landet vårt.
Det låg faktisk en topp "rett bak" leiligheta vår på Landås!
Toppen blei besteget etter jobb, via "Sikksakken" og "Indianerstien".
Nådde toppen i skumringa, med utsikt tilbake mot Ulriken.
Retur via korketrekkeren og ned til Sollien.
Første topp på lista var enkel, men det spørs om eg nokon gong blir ferdig med denne lista. Uansett er det kjekt >>>
Høge Stang
- Date:
- 28.07.2025
- Characteristic:
- Bike trip - mixed
- Duration:
- 2:52h
- Distance:
- 22.8km
Kommunetoppen i Aremark
Vi tok med oss sykkel frå hytta på Hvaler og kjørte i retning Halden. Parkerte langs Bjørkebekkveien like etter Remnevannet. Fra her går det skogsveg inn mot Høge Stang. Skogsvegen er sperra med bom, men sykkel egna seg godt.
Det skal også gå blåmerka sti inn til Høge Stang som startar eit par hundre meter lenger aust langs Bjørkebekkveien.
Vi sykla ca. 5 km innover vegen før vi tok av på ein sideveg. Etter eit par hundre meter traff vi den blåmerka stien som kryssar vegen. Her parkerte vi syklane og fortsatte til fots.
Etter knappe 2 km langs den blåmerka stien nådde vi Høge Stang. På toppen var det ein varde med norsk flagg, og eit skilt som viste retningar for den blåmerka stien.
Tilbake ved syklane var planen å sykle vidare mot kommunetoppen i Halden, >>>
Toåsen
- Date:
- 25.07.2025
- Characteristic:
- Walk
- Duration:
- 0:37h
- Distance:
- 2.8km
Toppen av Nesodden
På vei til hytta på Hvaler tok vi en kjapp tur til Nesodden sin kommunetopp, Toåsen.
Parkerte bilen på ein innfartsparking, og gikk rett inn i skogen her ifra.
Skogen var full av stiar, så her var det berre å velge en sti i riktig retning. Holdt først litt sørlig retning for å runde ei myr som låg mellom oss og toppen, før vi peila oss inn rett mot toppen.
På toppen sto det ein antenneinstallasjon. Ellers var det lite utsikt, da det var skog i alle rettninar.
Tilbake på parkeringsplassen etter ca. 40 minutt, med en enkel kommunetopp i boks.
Slettmarkpiggen
- Date:
- 18.07.2025
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 6:28h
- Distance:
- 24.7km
Årets avstikkar frå Vinjerock
Med lettare oppakning og betydelig betre dagsform enn under fjorårets Vinjerock tur ( Mjølkedalspiggen ), gjekk turen i år saman med Magnar til Slettmarkpiggen via Slettmarkkampen.
Med godt over 20 grader og steikande sol la vi i veg i god driv mot Høystakkane. Som mange andre toppar i området var det ein god anmarsj inn til denne toppen også, men i veldig lettgått terreng.
Ved brua over Høystakka vart det påfylling av vatn. Vatnet i elva var nesten lunka, og vi vart litt skuffa etter å ha gleda oss til friskt kaldt fjellvatn. Heldigvis var det mange muligheta for påfylling av kaldt vatn vidare på turen.
I stikrysset ved Uksedalen tok vi av mot Torfinnsbu, og følgde stien ca. 1,5 km før vi kryssa elva. Vi klarte å krysse elva nogelunde tørrskodd, takka vere gore-tex.
Høgeloft
- Date:
- 12.04.2025
- Characteristic:
- Randonnée/Telemark
- Duration:
- 4:49h
- Distance:
- 19.0km
Kommunetoppen i Lærdal og Hemsedal.
Første del av påska skulle startast i Hornindal. Vi tok ein omveng frå Bergen og opp dit via Lærdal og Hemsedal sin høgste topp, Høgeloft!
Med tidleg avreise frå Bergen og etter eit ladestopp i Lærdal sto vi i halv 11 tida klare med randonee ski på parkeringa ved Eldrevatnet.
Himmelen var blå og nesten skyfri i det vi starta turen langs kvistaløype i forholdsvis flatt terreng. Etter drygt 2km tok vi av frå kvistaløypa og vann gradvis høgde opp mot fjellmassivet.
Etter kvart nådde vi eit litt brattare skråparti kor ein rundar opp på fjellmassivet som sjølve toppen ligg på. Snøven var knallhard her, så vi var nødt å bruke stålkantane godt for å komme oss opp. Vi var no komt opp i nok høgde til å kunne skimte Hurrungane i nordvest.
Vidare >>>
Risnesnipa og Gygrekjeften
- Date:
- 23.03.2025
- Duration:
- 7:10h
- Distance:
- 17.3km
Etter ein hittil snøfattig vinter baud moglegheiten seg med godvêr til ei sein mars bestigning av kommunetoppen Risnesnipa.
Vi parkerte ved Hovland, med utsikt rett opp til Risnesnipa.
Eit par hundre meter langs vegen tilbake mot Hyllestad var sti-starten skilta.
Nær skoggrensa og opp til "ryggen" på Lihesten var det laga til med sherpatrapper. Desse slynga seg elegant opp det brattaste partiet på stien.
Frå toppen av sherpatrappa og vidare mot Risnesnipa var det innslag av gjennomsslagsskare, men det stakk ein del bart fjell opp som ein kunne spasere på.
Vi gjekk først til Risnesnipa SØ punktet som ligg rett ovanfor stupet ned mot Risnes, før vi fortsatte mot det høgste punktet som ligg ca. 800 meter lengre mot nordvest.
Sidan vêrert var så flott fann vi ut at vi skulle gjere >>>
Brusaknuden
- Date:
- 09.02.2025
- Duration:
- 2:23h
- Distance:
- 8.9km
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Siste topp som skulle bestigast på denne Rogalandsekspedisjonen var Brusaknuden. Først tok vi en tur oppom Karten. Opp her gjekk det traktoveg heile vegen. Flott topp med veldig god utsikt utover Jæren. Dessverre har vind-mafiaen tatt godt for seg her. Vindtrubinar i alle himmelretninger. Det var så groteskt mykje vindturbina at det skar i hjartet..
Frå Karten skar vi mot søraust og kom inn på stien mot Brusaknuden. Vidare gjekk stien gjennom ein tett granskog og opp ei lita stigning før vi kom opp på ei flate som førte bort til siste stigning mot toppen.
Flott utsikt også frå denne toppen, både ut i havet og innover heiane, men dessverre enormt med vindturbina i horisonten også her.
Vidare gjekk vi innom "Høgaste Ponkte I Hå" som låg i sørsida til >>>
Tinghaug
- Date:
- 09.02.2025
- Duration:
- 0:11h
- Distance:
- 0.5km
Rogalandsekspedisjon
Signalhaugen
Eime
Kjerrberget
Tinghaug
Brusaknuden
Etter hotellfrokost i Stavanger satt vi kursen sørover mot Klepp til det som må være vår hittil enklaste kommunetoppbestigning. Frå parkeringa var det knappt stigning dei 200 horisontale metrane fram til toppen.
Sjølv om turen ikkje var så lang hadde den flott utsikt utover Låg-Jæren på ein heilt upåklageleg dag vêrmessig.
På Tinghaug står ein på historisk grunn då det ligg fleire gravhaugar rundt toppen. Plassen blei også som navnet tilseier brukt som Tingstad.
Etter denne korte turen reiste vi vidare mot Brusaknuden på Høg-Jæren.

