Archive - Date

Archive - Activity

Peakbook-Friends

So far I'm not a Peakbook-friend of anyone.

Collected lists

Høgeloft

Date:
12.04.2025
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Duration:
4:49h
Distance:
19.0km

Kommunetoppen i Lærdal og Hemsedal. Første del av påska skulle startast i Hornindal. Vi tok ein omveng frå Bergen og opp dit via Lærdal og Hemsedal sin høgste topp, Høgeloft! Med tidleg avreise frå Bergen og etter eit ladestopp i Lærdal sto vi i halv 11 tida klare med randonee ski på parkeringa ved Eldrevatnet. Himmelen var blå og nesten skyfri i det vi starta turen langs kvistaløype i forholdsvis flatt terreng. Etter drygt 2km tok vi av frå kvistaløypa og vann gradvis høgde opp mot fjellmassivet. Etter kvart nådde vi eit litt brattare skråparti kor ein rundar opp på fjellmassivet som sjølve toppen ligg på. Snøven var knallhard her, så vi var nødt å bruke stålkantane godt for å komme oss opp. Vi var no komt opp i nok høgde til å kunne skimte Hurrungane i nordvest. Vidare >>>

Map