Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Teigaklubben

Date:
25.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:17h
Distance:
7.3km

I følge værmeldingane skulle det være storm i dag. Så eg fann det best å ta ein tur i nærleiken. Teigaklubben er beskrive i ein av oppturbøkene. Sidan eg ikkje har vore der før, så tenkte eg at det kunne være ein fin tur. Fulgte grusvegen opp til Teigastølen og vidare innover. Tok av til høgre opp lia og runda Teigaklubben før eg gjekk opp til toppen. Ein del vind og mykje sol. Eigentleg ein fin dag.

Map    

Skomakarnipa

Date:
24.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:34h
Distance:
17.6km

Nydeleg terreng å gå i opp mot Lægdene. Tok avstikkar opp mot Trollgilsholten. Og der starta de å snø.. og eg som trudde det skulle være sol og opplett heile dagen. Det går litt tregare å gå når det er snø sidan det kan være glatt. Sikta meg nedover skaret og opp mot Lægdefjellet. Hadde høyrt at Skomakarnipa skulle ha fin utsikt, så då peila eg meg nedover dit. Traff etter kvart stien frå Lægdene. Ein liten lunsjstopp og så bar det tilbake til Lægdene. Gjekk ned via Fysseholten.

Map    

Nordheia og Djupviknipa

Date:
20.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:51h
Distance:
4.0km
Map    

Lihesten

Date:
18.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
7:54h
Distance:
19.8km

Tur med ei god turveninne. Eg hadde i utgangspunktet plan om Høgeheia, og inviterte ei veninne på tur. Ho har aldri vore på Lihesten, så eg tenkte eg skulda ho å besøke Gygrekjeften først. For å spare nokre km og litt tid, tenkte vi at Nipestien var lurt. Kor krevjande kan den være? Tja, mange går jo der, så det kan vel ikkje være SÅ ille. Eg har ein smule høgdeskrekk og ho har enda meir. Men vi tok sjansen. Då vi skulle starte ana vi at det kanskje blei litt krevjande. Ikkje ante vi at det ikkje var "berre eit lite stykke" som var bratt. Eg sende ho foran og kom etter. Fareskilta som varsla om farleg sti tulla ikkje. Det var faktisk meir utfordrande enn det eg kunne tenke meg. Vi kom oss opp og konkluderte med at dette var første og siste gongen vi tar denne ruta >>>

Map    

Tur frå Steiestølen

Date:
17.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:34h
Distance:
11.0km

Eg må innrømme at eg er ein smule lei litt dårleg vær dette året. Men det er ikkje så mykje ein får gjort med det anna enn å komme seg ut uansett vær.... Mulig eg har blitt litt mindre kresen på været det siste tida sidan eg faktisk synest det likevel var greitt å gå, sjølv om det regna og snødde på turen. Det gjeld vel også å kle seg etter forholda. Fann i dag ut at eg kunne teste ein anna rute til Taket og Styggeheia enn det eg tidlegare har gått. OK å gå

Map    

Nordheia og Djupviknipa

Date:
15.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:00h
Distance:
4.1km
Map    

Varden

Date:
09.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:21h
Distance:
1.6km
Map    

Barlindåsen

Date:
09.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
9.3km
Map    

Tur i regnværet i Oslo

Date:
08.10.2026
Characteristic:
Hike
Duration:
2:42h
Distance:
12.3km
Map    

Stokkeråsen

Date:
07.10.2026
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:15h
Distance:
0.9km
Map