Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Gravdalsholten

Date:
28.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:25h
Distance:
3.4km

Map    

Grønegga

Date:
27.11.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
3:16h
Distance:
12.3km

Parkerte ved Sørgulen og gjekk oppover anleggsvegen mot vindmøllene. Fulgte anleggsveg nesten til topps. Eit par av skiltingane viste at ein bør halde avstand frå vindmøllene i kaldt vær. Eg tok sjansen.

Map    

Sagaholten

Date:
21.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:41h
Distance:
10.0km

Starta på traktorvegen opp Uradalen og vidare opp Ytredalen. Fulgte det som mest truleg er hjortetråkk opp dalen og vidare opp til Løkavatnet. Tok til høgre opp ein dal og opp på høgda og så til venstre mot toppen. Ein liten varde markerte toppen, medan ein litt større varde lenger sør med panoramautsikt mot florø. Retur samme vegen.

Map    

Heileberget nok ein gong

Date:
20.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:46h
Distance:
8.0km

På grunn av at eg klarte å legge igjen sitteunderlaget mitt på turen opp sist søndag, var det berre å komme seg opp for å hente det ved første og beste anledning. Godt kledd for anledningen med regntøy og fjellsko. Stien var betydelig våtare etter siste dagars regnvær og det var mykje høgare luftfuktighet då brillene mine dogga. Det var likevel nesten ikkje regn på turen og det var mykje mindre vind enn søndagen. Så turen vart overraskande fin trass værmeldingane.

Map    

Heileberget

Date:
14.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:32h
Distance:
8.0km

Starta ved Ottersteinen og retning mot Fossevika. Vidare opp merka rute mot toppen. Ein del vind på toppen i dag.

Map    

Storefjellet

Date:
13.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:12h
Distance:
6.5km

Parkerte like nedafor inste garden og gjennom første grinda for å gå ovenfor løa. Fann geitestiar oppover og fulgte stien som er merkt på kartet på veg nedatt.

Map    

Høgevarden

Date:
07.11.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:05h
Distance:
16.3km

fulgte traktorveg opp til Engjedalen og leitte etter stien og fann den berre delvis, då den ikkje var merkt og heller ikkje så veldig tydelig opp skaret og vidare mot Dyngsøyrstølen. Gjekk vestover og såg etter kvart at eg burde ta litt meir nordover mot Høgevarden. Litt kupert og ein del myrlendt terreng. Fin varde på toppen. sikta meg ned mot stien på veg tilbake og fann den etter kvart. Klarte akkurat å komme nedatt før det vart mørkt.

Map