Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Blåfjellet

Date:
30.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:28h
Distance:
11.3km

Ettersom gårsdagens tur var ein suksess i forhold til formen og dagens form er enda betre, tok eg sjanse på å prøve meg på eit fjell eg ikkje har vore på før. Blåfjellet har ikkje vore på lista over fjell med meir enn 100m primærfaktor før, men no er det justert, så då er det berre å besøke. Gjekk stien frå Årnes og nesten opp til Årnesstølen. Tok over elva og forbi Horsevikstølen. Fann det som mest truleg er eit hjortetråkk oppover bakkane mot høgda. Flott tur.

Map    

Bolteheia

Date:
29.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:02h
Distance:
5.9km

Etter gårsdagens tur og ei roleg natt, såg eg det an til at formen er betre og eg kunne prøve meg på ein litt lenger tur enn til Gytta. Bolteheia var ikkje besøkt i år, så eg tenkte det kunne være ein passande tur for å testen formen meir. Tok det roleg oppover bakkane og det såg ut til at det gjekk bra. Endeleg.... no kan eg verkeleg begynne å gå på fjellet igjen etter ei veke med "tørke" Heilt magisk med turar der ein føler at formen er bra og været enda betre.

Map    

Gytta

Date:
28.06.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:34h
Distance:
1.9km

Andre testtur for å teste formen

Map    

Gytta

Date:
27.06.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:33h
Distance:
1.9km

Testtur for å teste formen etter ein kraftig forkjølelse

Map    

Høgefjellet - Fjaler komplett

Date:
19.06.2022

Dagens andre tur og siste av toppane i Fjaler. No er lista komplett. Eg er ikkje så veldig begeistra over å trampe inn på andre sine tun. Men eg fann ikkje noko anna rå enn å skjære bratt opp lia før det siste huset. Traff på ein meir eller mindre tydeleg sti og vidare ein traktorveg og så over på sti att. Den førte meg til Gamlestølen. Tok opp lia utan sti opp mot toppen. På retur traff eg på ein av eigarane på garden. Ho hadde ikkje noko i mot at eg gjekk over tunet, men dersom eg ville, så kunne eg følge traktorvegen ned til grusvegen nedafor øvste huset. Eg traff på både betre sti og traktorvegen på veg nedatt.

Map    

Lamberyggen

Date:
19.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:38h
Distance:
4.1km

Vi hadde et par gjester laurdags kvelden og då kom vi inn på turen eg hadde hatt laurdag til Flateheia. Det viser seg at ein av desse var meir lokalkjent enn dei fleste, fordi han kom frå ein av gardane på Skor. Eg lot ikkje muligheten slå frå meg frå å få tips til rute opp på Lamberyggen, som han kalte "sitt fjell". Tipset var å følge traktorvegen oppover og sikte seg vidare opp mot toppen. Det funka.

Map    

Flateheia

Date:
18.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h
Distance:
8.0km

parkerte ved eit skilt som beskreiv Den Trondhjemske postveg i Hyllestad. Fulgte denne eit stykke fram til ein traktorveg som gjekk til venstre opp mot toppen. Utsikta var god, men litt lågt skydekke gjorde at eg ikkje såg heile Lihesten.

Map    

Gytta

Date:
17.06.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:31h
Distance:
2.1km

Map    

Gytta

Date:
15.06.2022
Characteristic:
Hike
Duration:
0:30h
Distance:
2.0km

Map    

Gravdalsholten

Date:
13.06.2022
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:05h
Distance:
3.0km
Map