Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (102)
- Trugetur (102)
- Fottur (1762)
-
Skitur (63)
- Fjellskitur (38)
- Langrennstur (25)
-
Sykkeltur (1)
- Blandet sykling (1)
Botnavatnet og Gjesdalsvatnet
- Dato:
- 27.10.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:23t
- Distanse:
- 7,4km
Tenkte eg skulle teste ut ruta som er merka av på kartet frå Sandalen opp til Gjesdalsvatnet.
Men først gjekk eg opp til Botnavatnet. Denne stien er godt merka og ikkje noko problem å følgje. Det gjekk sti langs vatnet opp mot Gjesdalsvatnet. Men etter hytta ved vatnet, var det berre nokre få dyretråkk å finne. Det er ikkje det: eg klarer alltids å finne fram, men det hadde vore mykje lettare å følge ein sti. Tenkte også at eg skulle følge stien nedatt på hi sida av dalen, men eg fann etter kvart ut at det var ikkje noko poeng. Det var rett og slett ikkje noko sti der. Og etter kvart møtte eg nokre elva eg ikkje tok sjansen på å krysse. Så då var det å gå den sure vegen oppatt til Botnavatnet og heller følge den trygge stien på austsida av elva.
Offisiell opning av Nordheiastien
- Dato:
- 26.10.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 4,0km
Då vart stien til Nordheia offiesielt opna av ordførar og turlaget. Det er lagt ned ein formidabel innsats for å få stien så fin som den er blitt. Endeleg går det an å komme seg på Nordheia utan å verte heilt gjennomblaut og skiten på beina. Tiltaket er eit veldig godt tiltak ettersom turen er blitt veldig populær dei siste åra. Etter kvart som fleire har gått, har stien blitt breiare og breiare på grunn av gjørme og myr. No er den tilrettelagt med trapper og steinar slik at ein kan lett gå opp til toppen.
Fauskevarden ++
- Dato:
- 26.10.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:20t
- Distanse:
- 8,4km
Opning av Nordheiastien og tenkte eg skulle ta ein liten tur på Fauskevarden før opninga. Litt blautt i stien nokre stader, men skoa holdt overraskande godt i dag. Friskt på tur med bra vindkast, men når ein går tur på hausten, så er det ikkje anna å forvente at det blæs litt. Så lenge det ikkje regnar i tillegg. Eg hadde så pass god tid på turen at eg valte å gå innom Dyreheia og Storevassheia. Eg har også høyrt at det går sti over tunnellen og fann då ut at eg skulle teste om eg fann ruta. Stien er greitt tydeleg, men då eg kom nesten ned til parkeringsplassen, så sikta eg meg berre inn på stien som går til Nordheia. Tenkjer det er greitt å kombinere turen til Nordheia med turen over Storevassheia.
Bekkjavatnet runddt
- Dato:
- 24.10.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:10t
- Distanse:
- 6,3km
OK. så var ikkje formen heilt på topp etter førre veke. Framleis litt "rusk i maskinerieet". Men formen er betre og eg kunne faktisk småjogge litt. Men eg kom fort oppi eit lite "uføre" fordi Bekkjavatnet har fått over sine breidder og det var uråd å komme seg vidare utan å vasse minst ein plass.
Bekkjavatnet rundt
- Dato:
- 20.10.2024
- Turtype:
- Fottur
- Turlengde:
- 1:33t
- Distanse:
- 6,4km
Etter nokre dagar med heftig forkjølelse, så var det på tide å teste formen igjen. Tok med søsteren på tur rundt bekkjevatnet, sidan det er ein relativ lett og fin tur.
Det gjeld å sette pris på dei dagane det faktisk ikkje regnar så mykje. Men eg kan vel konstantere at det har vore ganske mykje dårleg vær når vi kallar det å yre for "opplett". Så ja, det yra litt, men som ekte vestlending er eg godt nøgd så lenge eg ikkje vert kliss blaut på tur.
Kletten og Ospedalen
- Dato:
- 13.10.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 2:51t
- Distanse:
- 11,9km
Nok ein dag med litt grått vær. Eg er ikkje verre på det enn at vi likevel kan ta ein tur ut. Det er godt å komme seg ut i frisk luft sjølv om sola ikkje skin.
Turen opp til Kletten er lettgått og fin og det er relativt fin utsikt frå toppen. Det er tydeleg sti heile vegen, så det er ikkje noko problem å finne fram.
Vi valte i dag å gå ein tur vidare til Grønevika og Ospedalen. Turen er eigentleg veldig fin, men ein må være budd på å bli skikkelig våt på beina ettersom stien går mykje i myr og det er ikkje noko tilpassa i det heile. Det er ganske fint nede ved Grønevika og opp Ospedalen.
Gotdalsstøylen
- Dato:
- 12.10.2024
- Turtype:
- Fjelltur
- Turlengde:
- 1:30t
- Distanse:
- 5,4km
Enda meir snø enn dagen før. På den eine sida veldig idyllisk med snøkvite tre, samtidig er det kanskje noko tidleg å få så mykje som 15 cm snø relativt tidleg i oktober. Tykkjer det kan vente i alle fall ein månad til.... Godt vi uansett ikkje styrer været.