Archive - Date
Archive - Activity
-
Other winter trip (99)
- Snowshoe trip (99)
-
Ski trip (59)
- Backcountry skiing (35)
- Cross-country skiing (24)
- Trip by foot (1438)
Skåla
- Date:
- 26.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 7:39h
- Distance:
- 16.6km
Flott dag å besøke Skåla på. Litt vind på toppen, varmt og godt litt lenger nede.
Steiestølen rundt
- Date:
- 25.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:15h
- Distance:
- 14.1km
Køyrte mot Steiestølen og parkerte ved ei grind då skiltinga vidare sto at det var privat, men vegen kan nyttast. Men det er ikkje lov å parkere langs vegen og heller ikkje på snuplass langs i enden av vegen. Fulgte merka rute opp over elva ved Botnavatnet. Tok av stien og opp på Midtifjellet. Sikta meg så ned mot Torvevatnet og fulgte stien vidare opp til Namnlausvatna. På vegen dit måtte eg over ei elv, som ikkej var så lett å passere utan å verte blaut på beina. Opp til Namnlausvatna over Styggeheia og vidare til Taket før stien gjekk ned mot Mykleboststølen og tilbake til bilen. Ruta er nok i overkant blaut desse dagar. Det er tydeleg at det er kome ein del regn i tillegg til at det er mykje myr, som vanleg i ein del Sunnfjordfjell.
Instengfjellet
- Date:
- 19.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 5:54h
- Distance:
- 17.2km
Parkerte ved Legestøylen og fulgte merka rute opp forbi Stegsvatnet og tok retning mot Kvandalen. På høgste punktet tok eg til høgre og sikta meg inn på toppen. Rett før toppen var det noko luftig parti, men ellers greitt å komme seg opp og ned. Fin utsikt på turen. Har korrigert lengde og tidsbruk då GPSen gjekk tom for strøm eit lite stykke etter toppen.
Skarfjellet og Huldrenova
- Date:
- 18.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 4:55h
- Distance:
- 12.5km
Parkerte rett etter avkjørsel ved Gjermundstad rett ved skilting mot Gjermundstadskaret. Vær obs på at stien kryssar fossestien og der ein skal ta av mot Gjermundstadskaret var litt utydeleg. Fann greitt sti vidare oppover Tok rute opp mot Middagsnova og tok retning mot Huldrenova. Tok retning mot Strupen og traff på nokre rosa merker sørvest for Blåvatnet ved Strupen. Bratt opp lia til toppen. Tok returen ned til Strupen samme ruta og tok retning direkte mot Gjermundstadskaret og vidare på sti. GPS rutinga hadde stoppa ein plass før eg kom til Strupen. Returen er meir korrekt.
Åsstølen og Friborgstølen
- Date:
- 15.09.2021
- Characteristic:
- Hillwalk
- Duration:
- 2:35h
- Distance:
- 7.6km