Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Facebook

Skredfjellet

Dato:
30.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:42t
Distanse:
9,0km

Endeleg sommarferie og starten vart fin med flott vær. Fin sti frå Stordalen parkeringslomme. Lettgått, tok opp til høgre etter kvart.

Kart    

Dyreheia

Dato:
29.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:57t
Distanse:
3,8km

Regnværet var meldt, så då vart det ein kort tur til Dyreheia.

Kart    

Florsheia

Dato:
27.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:53t
Distanse:
6,9km

Fekk tips om at det var mogleg å gå frå Stordalen, så då måtte eg teste. Fann sti i starten, men den forsvann. Ikkje så lett å finne kor det var mulig å komme seg opp. Det vart litt klyving på slutten, men eg kom meg opp. Nedatt prøvde eg ei litt anna rute. Det gjekk. Men eg kan ikkje sei det vart noko kremtur av denne turen. Neste gang eg skal opp, tar eg ruta frå Aarbergsdalen.

Kart    

Heggheimsfjellet og Trollebottseggane

Dato:
25.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
6:43t
Distanse:
12,9km

Starta frå Heggheim og spurte ein kar om å parkere ved tunet. Det gjekk greitt. Fulgte merka rute oppover. Bratt rute, som er merkt, men ikkje så tydeleg tråkk. Etter kvart vart stien meir tydeleg og betre å gå. Tok av til høgre opp lia mot toppen av Heggheimsfjellet, sidan den merkte stien er ruta til Heggheimsstølen. Fulgte vidare terrenget over til toppen vest for Flatjordsnova. Sti opp siste stykket til toppen. Tok sikte på Trollebottseggane. Litt stor stein eit stykke. men ellers greitt å gå. Flott utsikt mot Jølstravatnet. Kjekt å sjå Eggenipa frå "baksida". Retur mot toppen vest for Flatjordsnova. Deretter tok eg sikte ned skaret mot stien. Litt keitete rute, men ellers greitt. Ruta nedatt var litt utfordrande enkelte plassar på grunn av vanskeleg å sjå stien. >>>

Kart    

Smalerabben og Heilkinna

Dato:
24.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
4:13t
Distanse:
13,7km

Starta ved Ødegårdsvegen og fulgte ruta opp til Berlevatnet der vi kunne velge mellom å gå frå vest til aust eller aust til vest. Vi tenkte vi skulle gå frå vest til aust. Grei sti heile vegen opp til Smalerabben. Eg og mitt turfølge var litt skeptisk over eggen ettersom vi begge har litt høgdeskrekk. Så stilen blei så som så. vi kom oss over på andre sid. Då vi snudde oss og såg tilbake til Smalerabben, var vi glade at det var den retninga vi gjekk, for smalerabben såg mykje meir utsett til frå austsida. Vi gjekk så vidare opp til Skateheia, der vi hadde lunsjen vår. Derfra tok vi peiling på stien som går opp til Hælkinna og fulgte merka rute nedatt til bilen.

Kart    

Gytta

Dato:
21.06.2023
Turtype:
Fottur
Turlengde:
1:04t
Distanse:
1,9km
Kart    

Ørnefjellet

Dato:
20.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
1:39t
Distanse:
5,7km

Ettersom søsteren spurte meg dagen før om eg ville være med på tur, og eg måtte takke nei, så vart det tur på Ørnefjellet. Litt travel tur ettersom eg lova at vi skulle være nede slik at ho kunne være med på Yoga. Vi rakk Yogaen akkurat.

Kart    

Litjehesten

Dato:
18.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
3:47t
Distanse:
11,0km

Kart    

Nordheia/Djupviknipa

Dato:
16.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
0:52t
Distanse:
3,9km

Kart    

Eikåsnipa

Dato:
15.06.2023
Turtype:
Fjelltur
Turlengde:
2:29t
Distanse:
8,0km

Kart