Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Klungeren

Date:
03.04.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:36h
Distance:
10.8km

Kollegatur. Det var meldt ikkje alt for bra vær, men vi var tre kollegaer som likevel ville ta turen, sjølv om været ikkje akkurt sa strålande sol. Vi starta opp frå Masdalsgjerde på lett skare og fortsette heilt opp til toppen utan at skaren vart mindre. På toppen var det null utsikt og tåke, så det gjekk ikkje veldig fort nedatt. Grei tur, men hadde eg visst at det var skare snø heilt opp, så hadde eg nok tenkt at truger var betre.

Map    

Snønipa og Myklebustbreen frå Høyset

Date:
01.04.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
9:15h
Distance:
27.5km

Siste dag i påska og det var meldt sol. Fekk invitasjon om å være med på Snønipa denne dagen. Og ettersom eg mangla Myklebustbreen(1709moh) så var ønsket først og fremst bortom den toppen. Vi tok opp til venstre opp lia og vidare opp mot Snønipa. Etter kvart som vi steig oppover hadde sola teke meir og det var faktisk ikkje so verst å gå. Det verste var nok at det kladda litt under skia. Hadde ein fin liten rast på veg opp lia før vi fortsette opp til Snønipa. Det var mykje folk denne dagen, men då vi kom opp, så var vi aleine på toppen. Etter ein liten rast på toppen i strålande sol fekk eg med meg noko av turfølge bort på neste topp. Nydeleg føre frå Snønipa og bort til Myklebustbreen. Slakt og fint og pudderføre. Ein liten stopp på toppen før vi tok fatt på nedturen >>>

Map    

Kalsetrennet

Date:
30.03.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:16h
Distance:
23.8km

Kalsetrennet i dag. Våkna til ein flott morgen med betre vær enn det som var meldt. Dette kunne bli ein fin dag for Kalsetrennet. Gjorde meg klar til å komme meg ut døra, men i det eg går ut regna det. Då var det innatt for å få på seg kle som er berekna på regn. så bar det av gårde opp til Langeland med tru på at det kanskje... kunne lette litt før eg skulle starte. Men den gang ei, så då var det berre å komme seg av gårde på skituren. Før krysset mot Fauskestølen stoppa regnet og jammen kom det litt solgløtt innimellom, så då var det berre å ta fatt på Fauskeløypa. Flott å gå, sjølv om det var noko blautt i sporet og skiskoa ikkje akkurat er siste skrik. Hadde ein avstikkar heilt opp til Fauskestølen, ettersom eg aldri har vore heilt oppe der. Då eg kom til >>>

Map    

Munkeggi i nydeleg påskevær

Date:
24.03.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:20h
Distance:
20.5km

Gode værmeldingar i dag og nysnø i høgda, gjorde at det frista med tur til Munkeggi. Eg inviterte med ein kollega, som fann ut at nokre turvener av ho skulle samme turen. Så då fekk vi følge av tre til. Vi starta i Saurdalen og fulgte spor oppover mot Kvilehytta og vidare Mot Saurdalseggi der vi hadde første matpausen. Vidare bar det opp til Igdedalseggi og opp mot Munkeggi Austre. Ikkje så langt bort til Munkeggi Østtoppen. Skavlane hang langt utover, så her var det berre å holde godt innforbi. Nesten vindstille rett under Munkeggi østtoppen, så vi fekk oss ein liten rast der før vi tok returen På veg nedover ville turfølge følgje ei anna rute ned, medan eg og min kollega tok samme ruta ned som opp. Den beste moglege starten på påskeveka, som eg kjem til å hugse lenge.

Map    

Ny skitur med tantebarna

Date:
22.02.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
0:45h
Distance:
4.3km

Vinterferien kunne by på enda ein dag med opplett. Ny tur på Langeland, men denne gongen tok vi 5km løypa. Den første turen er alltid den tyngste. Så då vart det litt lenger tur i dag. Vi hadde tenkt å grille på Gapahuken øvst i løypa, men det var ganske krevjande på grunn av vinden. Vi tok difor med oss alt sammen ned til nedste gapahuken og fekk ein ny grillpause der.

Skitur med tantebarn

Date:
21.02.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
0:27h
Distance:
2.0km

Når vi har besøk av tantebarna i Vinterferien, så er det obligatorisk å komme seg opp i skiløypene på Langeland. Denne gongen vart det kortaste løype og ein god tid til grilling av pølser og Marshmallows, samt aking i den fine aktebakken ved gapahuken rett ved stadion.

Endestadnipa

Date:
17.02.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
2:57h
Distance:
12.0km

Den einaste "ordentlig" fine solværsdagen i vinterferien. Litt skare på starten. Ellers veldig fint føre. Absolutt ein "høydare".

Map    

Fauskeløypa og Bjørnaholtløypa

Date:
11.02.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:13h
Distance:
22.2km
Map    

Klungeren

Date:
04.02.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
3:06h
Distance:
10.0km

I følge værmeldingane skulle det være regn/snø heile dagen. Men då det lysna, så såg det ikkje så verst ut. I tillegg var det nysnø, som gjorde at det frista med ein skitur. Tok sjansen på Klungeren ettersom det er eit fjell eg kjenner greitt. På veg opp til parkeringsplassen var det ei blanding av sol, opplett og snøvær. Starta ved Masdalsgjerde og fulgte ruta oppover i puddersnø. Etter kvart som eg gjekk vart det lettare før meg. Rett før toppen starta snøen og tåka vart veldig tett. Fulgte skispora nedatt ettersom eg ikkje såg så veldig mykje foran meg. Gjekk noko sakte nedover før det letta heilt og siste delen av turen gjekk i opplett og nesten sol. Litt kladding på skia, men ettersom eg ikkje er overbegeistra over høg fart, var egentleg det perfekt for meg. Pudder >>>

Map    

Storehogjen

Date:
28.01.2024
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
2:30h
Distance:
14.4km

Skitur på gamle skispor. kombinasjon av skare og blautt.

Map