Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Facebook

Viefjellet

Date:
06.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:53h
Distance:
7.3km

Det var planlagt tur med jobben i dag, men av ein eller annan grunn var det ingen andre som blei med på tur. Sidan eg hadde satt av tid til turen, tok eg den like godt aleine. Litt vind i dag, men fint og relativt tørt heilt frå Soleide og opp til Viafjellvarden. Litt blautare vidare frå varden og opp til toppen. På veg nedatt traff eg ein kollega som var litt seint ute, men god og svett.

Map    

Kvamsfjellet

Date:
05.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:04h
Distance:
13.9km

Varden midt i Sunnfjord er ein av Indre Sunnfjord turlag sine mål i årets Titur. Så då blei det tur dit og vidare opp til Kvamsfjellet og ned på andre sida. Like greitt å gjere turen til ein rundtur når eg først er i gang. Har aldri prøvd ruta frå Gjesdalen før, så eg var litt spent på korleis den var i forhold til dei andre rutene eg har hatt. Eigentleg ganske fint å gå, sjølv om det var litt snø her og der. Litt meir snø frå Varden og opp til Kvamsfjellet og vidare over og ned til Skibakken. Brukte dei nye Merrell-skoa og dei fungerte godt i dag også. Turen over Kvamsfjellet er merkt med raude prikkar i tillegg er terrenget greitt å gå i. Flott dag å velje denne turen på med sol, trass i nokre snøfenner.

Map    

Smådalsnipa

Date:
04.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:17h
Distance:
8.7km

Ny dag med temperaturar over 20 grader. Hadde fått med meg at det gjekk an å gå på Smådalsnipa, sjølv med litt snø oppover. Flott å gå og ikkje så mykje vind. Er ikkje ofte vi kan gå i shorts og singlet i starten av mai. Brukte dei nye hikingskoa eg kjøpte førre veke og startar å bli vane med dei. Eg har vanlegvis valt Salomon kvart gong. Desse er gode og eg har aldri fått gnagsår av dei. Problemet er likevel at dei er litt smale og det går hol på sida av skoa. Denne gongen blei eg anbefalt Merrell. Desse er mykje meir romsleg på foten og det må nok gå litt tid før eg vert vane med dei, men eg reknar med det skal gå seg til. Det såg ut som det var litt snø oppover bakkane, men det var mindre enn det kunne sjå ut. Eg må innrømme at etter turen på Skogstadfjellet >>>

Map    

Bolteheia

Date:
03.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:01h
Distance:
6.6km

Etter å ha sett på finværet ein heil arbeidsdag, så var det først litt handling av blomster på Mo slik at vi kan få pynta opp litt rundt tunet. Bestemte så at eg kunne ta blomstrene seinare og heller ta ein tur på fjellet først. Det såg an til at Bolteheia ikkje hadde så mykje snø. Parkerte ved bommen og gjekk oppover lia. Og ganske riktig, det var ikkje mykje snø att. Nydeleg vær å gå i med over 20 grader, så var det godt med lett vind. Slike dagar må ein berre sette pris på. Nokre få snøfenner som eg kryssa utan problem. På returen sikta eg meg inn på stølshusa som ligg ved vegen. Sjølv om det ikkje er sti frå bommen, så er min konklusjon at det er den lettaste og kortaste ruta opp for oss som ikkje har lov å køyre opp til stølane ved Storevatnet.

Map    

Osstølen

Date:
02.05.2024
Characteristic:
Hike
Duration:
2:27h
Distance:
6.9km

Tur med Førde vgs. Planen var å ta turen opp til Fløyen, men brua var vekke og elva var stri. Så då blei det ein liten "ekspedisjon" opp til Osstølen der vi hadde ein rast. Vi gjekk nedatt og vidare på Osen folkesti og bort til Gapahuken i Osen. Fin rundtur og ned til fotballbana der dei akkurat var ferdig med trening.

Map    

Uførefjellet

Date:
01.05.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:30h
Distance:
5.9km

Fin tur med mannen i dag. Relativ tørt å gå.

Map    

Skogstadfjellet

Date:
30.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:47h
Distance:
11.0km

Fin ettermiddag, så då blei det tur til Skogstadfjellet i dag. Hadde hørt det var så og seie bart opp til toppen og bestemte meg for å gå over til Ørnefjell og nedatt dit. Eg tenkte at det burde gå greitt, sjølv om det var litt snø. Snøen holdt litt, men var starta å bli litt roten slik at eg søkk ned i snøen nokre gonger. Det gjer at turen kanskje ikkje vert så "sjarmerande" som eg hadde tenkt meg. Det var snø nesten heilt ned til Skaret, så eg vart vel litt metta på snø ei lita stund. Så neste gong skal eg tenke meg godt om før eg legg i veg på fleire km med snø utan truger eller ski. I tillegg er det ganske langt på asfalt tilbake, så det var godt å bli henta på vegen og køyrt tilbake til bilen.

Map    

Alden - endeleg

Date:
28.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:51h
Distance:
6.8km

Etter gårsdagens lengre tur, så var planen ein kortare tur. Så ringte søsteren og spurte om eg ville være med til Alden sidan denne har stått på ønskjelista mi lenge. For meg er dette ein tur som vil være krevjande å gå sidan eg ikkje har båt og det krev planlegging. Eg pakka det eg trengde og heiv meg i bilen for å nå ferja til Atløy. Nydeleg dag med sol og tørre stiar. Stien gjekk bratt opp lia og opp mot Instenova. Flott utsikt over Atløy derfrå. Deretter gjekk turen vidare til Ytstenova, der vi fekk flott utsikt over Bulandet og Værlandet. På veg nedatt såg vi at det vart gråare sør for oss, sjølv om det var blå himmel og sol nord for oss. Då vi kom nedatt kom også skyssen vår for å hente oss. Ein del meir bølger på tilbakefarten til Herland. Og då vi kom >>>

Map    

Blægja på skitur med Indre Sunnfjord turlag

Date:
27.04.2024
Characteristic:
Backcountry skiing
Duration:
7:24h
Distance:
22.0km

Heilt sida eg var lita har det vore snakk om skitur til Blægja, men av ulike grunnar har denne turen latt vente på seg. Eg har vore på Blægja fleire gonger, men då har det vore på beina og ikkje på ski. Mange gangar har eg høyrt om korleis denne turen er, med Heilevangsstaurane og snøskavlane som heng over staurane, slik at ein ikkje bør gå for langt ut, og om dei som har oppdaga kor langt ut på skavlen dei har vore. Det er også eit smalt parti, som kan verke litt skummelt siste stykket før toppen. I dag skulle Indre Sunnfjord ha tur ut på Blægja frå Bygstad og været var akkurat passe til at vi kunne få ein fin tur, så eg bestemte å bli med. Vi gjekk på beina opp ti Skaraly og hadde ein pause der. Deretter tok vi på skia og sette retning mot Blægja. Greit tempo, men >>>

Map    

Nordheia og Djupviknipa

Date:
26.04.2024
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
0:51h
Distance:
3.9km

Kjøpte meg nye hikingsko og fann ut at eg kunne teste desse, ettersom det er ein ny type/merke for meg. Foreløpig gjekk det bra. Nydeleg ettermiddag/kveld på Nordheia og ikkje alt for mykje folk.

Map